torsdag 24. desember 2009

24. desember - Jolaftan

Endeleg er dagen her - jolaftan. Glede og forventning, tradisjonar, god mat og godt selskap. Sjølv om eg nok må rekna meg som vaksen no, så kjenner eg ei slag barnsleg forventning nettopp fordi det er så mange tradisjonar som tek meg tilbake til barndomens jolegleda. Forskjellen er sjølvsagt at no skal meg gjera alt me kan for å gje våre små prinsesser dei samme gode forventningane og minnene som me sjølv har frå vår barndom.


Medan me ventar på kvelden, ventar på at dei andre skal stå opp, og ventar på at noko skal skje, så skal me få med oss Snekker Andersen og Julenissen, Tre nøtter til Askepott, og Disney sin joletime, som eg reknar med vert avslutta med "When you wish upon a star", i år som ifjor, og som alle dei andre gongane.

Me skal i kyrkja, det høyrer med! Og når me kjem derfrå vert det herleg, røykt pinnekjøt med alt det gode tilbehøret. Sjølv likte eg ikkje dette då eg var lita, men jentene mine er glad i smak, og har gledd seg masse til det gode kjøtet. Og så får me håpa at alle får iallefall eitt gåveynskje oppfyllt iløpet av kvelden!


No har alle mottakarene fått jolekort frå oss, og dermed kan eg vise det heile her på bloggen. Bileta er tekne gjennom året, og ellers er det leiking i photoshop eg har drive med. Eigentleg skulle eg ikkje laga noko voldsomt jolekort i år, men heller bruke tida på andre ting. Men, så vart eg så utruleg inspirert av BO sin jolekortkavalkade, og sjølv om ikkje dette på nokon måte kan måle seg med det ho gjer, så var det kjekt å halde på med, og kjekt når mottakarane vert glade.
Med dette ynskjer eg alle som les, og alle medbloggarar ei god og roleg jolefeiring, og håpar at alle får gode stunder saman med nokon dei er glad i, sjølv om mange også har ein plass som står tom. Med på vegen sender eg det som for meg er sjølve jolesalmen, sjølve jolestemninga i tre vers. Og den er så kraftfull på nynorsk!
GOD JOL!


Fager er jordi, herleg er Guds himmel
Glade gjeng sjelene pilgrimsgong
gjennom dei fagre rike på jordi
gjeng me til paradis med song

Tider skal koma, tide burt skal kverva
ætt skal fylgja ættarad
aldri skal tagna tonen frå himlen
sjeli sitt glade pilgrimskvad

Englane song det fyrst for hyrdingflokken
vent det tona for sjeli møydd;
Fred over jordi! Menneske, gled deg,
oss er ein evig Frelsar fødd!

8 kommentarer:

Gamleheksa sa...

God Jul til dere alle i Rosa-heimen. Jammen har du rukket mye i adventstida. Og så flott julekort da! Ha ei strålende jul.

Hanne sa...

Stikker innom for å ønske deg en langsom, glad og god jul!

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Riktig God Jul ønsker jeg deg og dine.

Juleklem

igi sa...

God jul ønskes deg og hele din familie. Nyt juledagene!!

Klem Igi

KRISTIN sa...

WOW - eg er kjempeimponert over korta du har laga!! dei var så duse og lekre i farger og motiv - men så har du no to nydelige små prinsesser.

Tusen takk for ei god helsing på bloggen min i dag.
Ønsker ykk ei framleis god julefeiring!

Trollkåno sa...

SO flotte kort du har laga....
God jul....so snakkast me snart.

Heidi sa...

Så NYDELIG kortet var! Bildene, teksten og hele layouten var utrolig fin! Tar nok litt tid ja, men så kjekt å se tilbake på! Håper du og de skjønne jentene dine har hatt en flott julekveld og at romjulen bringer med seg masse kos! God klem fra Heidi

Noralill sa...

Einig! Den songen er ein av dei aller finaste eg veit! Knallfine julekort du har laga, eg er imponert over alle dei flotte julekorta der ute i verda...

Ha ei fortsatt god jul! Klem frå Noralill

Related Posts with Thumbnails