måndag 21. desember 2009

21. desember - smånissar og snøleik

Idag har det vore nissefest i barnehagen til jentene, og det var to ivrige smånissar eg prøvde å fotografere litt før dei skulle ut døra idag tidleg. Storesyster bestemte at dei måtte ha stolar å sitte på under fotograferinga. Vetlesyster var slett ikkje einig, ho ville heller leika med noko ho hadde funne i eit skap. Og når storesyster prøver å gje ho ein kos på kommando, då vert det ville protestar!

Ellers har ettermiddagen vorte brukt til aking og basing i snøen, idag som igår. Der storesyster aldri får nok, begynnar vetlesyster å hylskrike etter få minuttar ute i kulden og snøen, og vil berre heimatt. Den gamle sparken, eller sparkstøtting som det kanskje heiter på fint(?) fann me i uthuset, og den passar heilt supert til småjentene våre. Fin er den òg :)

Ikveld har eg tatt meg på tak og rydda og turka støv i stova. Me lir av eit syndrom som heiter "legg-frå-deg-ting-der-det-er-ein-stad-å-legga-det", og det fører til at bokhylle og databord inneheld ein del meir enn dei skulle. No derimot, burde eg nesten ha teke bilde av kor ryddige og reine dei er ;)
Imorgon er det jolegudsteneste for skule og barnehage i bygda, og eg skal vere med og spele til salmane på flygelhornet mitt. På slutten av dagen er det foreldrekaffi i barnehagen, og innimellom der bør eg skvise inn mengder med husavask og litt baking.
No kjem ein av mine absolutte favoritt-salmar i jola, som heldigvis er veldig mykje brukt her i området både før og under jolehøgtida.
God natt!
Det lyser i stille grender av tindrande ljos ikveld
og tusende barnhehender mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar sin broder i himmelhall
som kom og vart heimsens Frelsar, som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute og gret på si ringe seng
mens englane song der ute på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen ved natt over Davids by
den evige himmelsongen, som alltid er ung og ny,

den songen som atter tonar med jubel kvar jolenatt,
om barnet, Guds son, vår sonar, som døden for evig batt!


3 kommentarer:

Trollkåno sa...

So fine nissejenter!
Neimen ikkje ofte me ser spark i bruk no for tida, men nett no skulle det vere ideelle forhold.

Annika sa...

For nokre herlige nisseprinsesser då:) Håper de kosar dykk med førjulstid no, og får ei strålande fin jul! Eg har snart juleferie no:) Berre to timar att!

igi sa...

Nydelige nissejenter!

Klem Igi

Related Posts with Thumbnails