søndag 20. desember 2009

20. desember - Jolekonsert på 4. sundag i advent

I bygda mi er det alltid jolekonsert i kyrkja 4. sundag i advent. Musikklaget eg er med i har hovudregi, og inviterer med seg eit kor og nokre fleire aktørar som bidreg med song eller spel. For mange i bygda er dette noko slikt som "årets høgdepunkt", og det er eg igrunn einig i. Denne gongen var det dessutan min tur til å vera ein av musikklaget sine eigne solistar, og det er både kjekt og spennande! Sjølv om (eller kanskje på grunn av?) at generalprøven igår gjekk frykteleg dårleg, så var det heilt greit å spele idag. Kjekt når det er fullsett kyrkje, og skummelt når ein kjenner at leppene er vinterturre og ikkje heilt slik dei burde vere. Alt i alt vart det ein flott konsert, og det er ingenting som hjelper slik på jolestemninga som når Fager er Jordi vert spelt og sunge til avslutning. Det gjer heller ingenting at det ligg massevis av snø der ute, som gjer at den vesle Gato vår minnar om Skomakergata (som du kan sjå meir av her. Biletet er lånt herfrå).

Litt utlada vert ein etter å ha spelt konsert, men med joleferie framfor oss vurderer eg å ta fatt på litt baking no, og rett og slett rangla litt ;)

Tenn ljos, no strålar saman dei fire ljosa klårt
for han som elskar alle og kjenner livet vårt.
Tenn ljos for himmelkongen som gjetarflokken såg,
for jord- og himmelbarnet som i ei krubbe låg.

God kveld, den siste sundagen før jol!

4 kommentarer:

KRISTIN sa...

Så fantastisk koseleg det såg ut i gato på Evanger.
Julekonsert i kyrkje er stemningsgivande og vakkert, så forstår godt at det er eit høgdepunkt for mange.

Ønsker deg og dine ein flott dag - og håpar vetlemor er bedre i dag!!

Klem.

igi sa...

Så koselig bilde av julestemninga i gata deres!

Nyt fridagene dine!

Klem Igi

Trollkåno sa...

Ein flott konsert!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

En så härlig tradition. Att gå i kyrkan kring jul är alltid speciellt, ännu bättre då det är konsert.

Hoppas du har det riktigt fin du dagarna fram till jul. Och att julhelgen blir lika bra den.

Stort tack för din snälla hälsning. Ha det fint!

Related Posts with Thumbnails