onsdag 2. desember 2009

2. desember - englar og stjerner

For nokre veker sidan var eg og jentene på Coop Xtra og handla til helga. Og der stod den - adventsstaken med 6 englar og 7 stjerner. Sjølvsagt måtte eg ha den! Dei som har fylgd meg ei stund veit jo at eg er litt over gjennomsnittet glad i englar, og då hjalp det ikkje om fornuften påstod at me skulle handla mat og ikkje "dill". No står adventsstaken i kjøkkenvindauga mitt, og eg er glad for at fornuften gav seg på tap - for den gongen.





Dagens jolesong-vers sa seg vel kanskje sjølv...
Glade jol, heilage jol
englar kjem frå Guds kongestol
blomar ber dei frå paradis
fint og fagert dei syng Guds pris
Løynleg ikring oss dei går,
løynleg ikring oss dei går.



6 kommentarer:

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så fin! Och visst måste man få handla både mat och "dill". :-)

Ha det fint!

Ingrid sa...

Den må du ikkje angre på at du kjøpte for den er skikkeleg fin.Den kunne godt stått i glaset mitt og for eg er litt "englegala" eg og.Skal bli spennande med adventsbloggen din.

Trollkåno sa...

Den var superfin!!
Eg køyrer forbi den butikken i morgon......hm...trur eg må stoppe der.

Janne Botnen sa...

Moderen er også gal etter engler, siden hun ikke er i slekt med dere, må man vel moderere det til å si at det ligger sikkert i familien:)

KRISTIN sa...

Å...Den syns jeg var kjempesøt!! Også på Coop Extra da, ja - det er kjekt når man blir overrasket. Kan tipse deg om at på Nille har de små hvite engler med batteridrevet lys inni. Veldig søte. Kanskje noe til småjentene dine, til å ha på rommet i mørketida? Enkelte bokhandlere har også tatt dem inn, Bok og Media, i allefall.

HA en fin kveld! Klem!

Linda sa...

Den var NYDELIG!! kor mykje kosta den? skulle gjerne hatt ein slik til neste år i vinduet MITT!!;)

Related Posts with Thumbnails