laurdag 19. desember 2009

19. desember - Kvit glede!!!

Idag har det snødd...

og snødd......

og snødd....

og SNØDD!

Eg trur det må ha komme omtrent ein halvmeter rein, kvit glede frå ovan idag. Storesyster har vore ute og basa saman med sine kjære syskenborn i fleire timar, og var trøtt og svært lukkeleg då ho endeleg kom heim på ettermiddagen.
Vetlesyster har desverre fått feber og hoste, og har vore innomhus heile dagen, for det meste slapp på sofaen. Dermed vart det verken felles handletur eller felles generalprøve for meg og rosamannen, men ein fin dag har det vel vore likevel. Kvar gong eg ser ut vindauga vert eg barnsleg lukkeleg over å sjå at det stadig dalar snø frå himmelen, og det ser ikkje ut som det skal stoppa med det aller fyrste. Det er dessutan lova blå grader etter snøfallet, og det ser ut til å verta ei fantastisk høgtid reint vèrmessig!

Rosamannen måtte ta seg av jolegåveinnspurten og utvelging av den viktige jolegrana heilt åleine idag, og eg innrømmer at eg er litt spent på sistnevnte, spesiellt når han gjentek at den ikkje er så veldig stor...... Eg har ikkje fått høve til å sjå den endå, men håpar den ikkje er SÅ liten ;)

Eg hadde ein plan om å få knipsa litt bilder utandørs idag, men sidan eg enten har vore sjukepassar eller på farten, så måtte eg nøye meg med det eg kunne sjå frå trappa framfor og bakom huset vårt. Dermed er det igrunn berre ein song som passar, den nyleg att-funne norske versjonen av "White Christmas", som Dizzie Tunes i si tid spelte inn. Med den ynskjer eg deg òg ei kvit jol!

Jeg drømmer om en hvit glede, drømmer om jul med hvite trær
Om små barn som synger, og spurv i klynger
I snedrev og vintervær
Slik minnes jeg min glad barndom med julesne på hver en vei
Hils til alle hjemme fra meg, må hver julekveld bli hvit for deg

Hvor bærer hjertet så sårt mitt savn, som fjernt i en fremmed havn
En dag i desember når det lakker mot jul i gjen
Her vandrer jeg i den travle strømmen, i lyset av min desemberdrøm

Jeg drømmer om en hvit glede, drømmer om jul med hvite trær
Om små barn som synger, og spurv i klynger
I snedrev og vintervær
Slik minnes jeg min glad barndom med julesne på hver en vei
Hils til alle hjemme fra meg, må hver julekveld bli hvit for deg

1 kommentar:

KRISTIN sa...

Hei! Så kjekt at du er med på give-awayen min!!

Så masse snø det er komen vestpå!! Men snø i Vossatraktane er vel ikkje uvanleg - sjølv til jul? Men fortsår at no er det uvanleg mykje til desember å vere. Håper det ligg til nyttår, då er vi vestpå.

Kjekt for ungane er det i allefall - håpar den minste jenta di vert fort frisk så ho får vera ute ho også!

Ha ei god natt!!

Related Posts with Thumbnails