måndag 14. desember 2009

14. desember - pepperkaker i boks

Jepp, no har me iallefall èin sort i boks. Som eg skreiv igår, så tok eg meg på takk og bakte pepperkaker med jentene på ein ellers litt sliten søndag.

Storesyster har gleda seg lenge, og venta med lengsel og smerte på at mor skulle komma seg på IKEA for å kjøpe pepperkakedeig. Ja, for å lage pepperkakedeig det syns eg høyrest så skummelt ut at DET vågar eg meg ikkje på - endå. Jenta var difor ikkje tung å be igår, og hadde funne fram både kjevle og forkle før me knapt var komne innom døra heime.


Og ho var ein riktig flink liten bakar. Ho kjevla så tynt at eg fekk problem med å få kakene heile bort til brettet, og bakte nok ut nesten halve deigen heilt sjølv, før ho lurte på om det var greit med ein pause. Vetlesyster kasta skrå blikk på den store, men fann ut at det kjekkaste med deigen var å strø mjøl på den, og ete, ete, ete! Eg anar ikkje kor mykje deig ho åt, men eg vil anta at ho har hatt litt vondt i magen i natt.... One down, three to go. Trur eg, då ;)

No sitt eg og motar meg opp til å ta fatt på noko, utan at eg heilt veit kva det skal vere. Ikkje fordi det ikkje er ting å gjere, men fordi eg ikkje heilt veit kvar eg skal begynne. Då er det både fornuftig og fint å starte med litt blogging, ikkje sant?

God vekestart!


O helga natt, o helga stund för världen,
då gudamänskan till jorden steg ned!
För att försona världens brott och synder,
för oss han dödens smärta led.
Och hoppets stråle går igenom världen,
och ljuset skimrar över land och hav.
Folk, fall nu neder, och hälsa glatt din frihet.
: O helga natt, du frälsning åt oss gav. :

Ty frälsar'n krossat våra tunga bojor
Vår jord är fri, himlen öppen nu är
Uti din slav du ser en älskad broder,
och se, din ovän blir dig kär
Från himlen bragte frälsaren oss friden,
för oss han nedsteg i sin stilla grav.
Folk, fall nu neder, och hälsa glatt din frihet.
: O helga natt, du frälsning åt oss gav. :


4 kommentarer:

KRISTIN sa...

Heisann!
Så kjekt med ivrige små pepperkakebakarar og etarar!!
Eg har baka eit brett i dag - det vart ferdigdeig her også. Får ta meir ein annan dag.

Angåande den kvite fruktsjokoladen: Super gåve!! I fjor lagde eg 6-7 ulike typer konfekt og putta i celofanposer med juleband! Perfekte små gåver!!

Ha ein god natt!!

igi sa...

Ser ut som om dere har hatt en fin peppperkakebake dag! Stemningsfulle bilder.

Klem Igi

Trollkåno sa...

Flinke jenter!
Koselege bilder!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så kjekt å bake pepparkaker sammen, något vi gjorde vart år när jag var liten.

Hoppas du har haft en riktigt fin dag. Må gott!

Related Posts with Thumbnails