søndag 13. desember 2009

13. desember - 3 ljos

Det er heilt utruleg, men me har kome til (og nesten passert) den tredje sundagen i ventetida.

For min del hadde den ein særs roleg start, då me sov til LANGT på dag etter et knakande kjekt jolebord igår kveld. Både rakfisk og smalahovud smakte fortreffeleg, og attåt hadde me god drykk og godt selskap. Eg fekk endåtil ei jolestjerne i hus, som ein ekstrabonus etter kalendarjobben eg har gjort for brannvernet i haust. Hurra!

I ettermiddag tok me ein lynvisitt hjå svigers for å henta jentene heimatt, og likevel rakk me å eta ein nydeleg sundagsmiddag før det var tid for å spela ved jolegrantenning i nabobygda. Vel heime att tok eg sats og inviterte jentene med på pepperkakebaking medan min kjære stranda på sofaen med forkjølinga si. Pepperkakebaking trur eg kanskje eg skal komma tilbake til i eit anna innlegg, men etter ein travel dag føler mor seg omtrent som ein oppvridd klut ikveld, og skal sporenstreks finna vegen til loppekassen. I morgon startar ei ny veke, der me forhåpentlegvis rykkar mange steg vidare i joleførebuingane.

Tenn ljos, tre ljos skal flamme
for alle som må slåss
for rettferd og for fridom
og som treng hjelp av oss.
Må vi få til eit samfunn
der alle folk er med.
Tenn ljos for dei som strider
for fridom, rett og fred.

1 kommentar:

KRISTIN sa...

Kjekt å høyra at de kose deko på julebordet.
Ønsker deg ei god veke med juleførbuingar og kos!!

Ha ein fin dag! Klem!

Related Posts with Thumbnails