fredag 11. desember 2009

11. desember - Nisse-ballett

Ikveld har me vore på kulturskulen si joleavslutning/jolekonsert på Voss. Storesyster har lenge vist interesse for dans, og gleda var stor då me i vår fann ut at kulturskulen skulle starte ei gruppe kalla "danseleik" for 5-6-åringar. Me meldte ho på, og var saman med jenta spent på kva denne danseundervisninga gjekk ut på. Storesyster såg for seg strutteskjørt og ballettsko med det samme, medan mora prøvde å dempe forventningane, og sei at det sikkert handla om både folkedans og mange ulike danseformer.

Gleda var difor enorm då det viste seg at alle håp vart innfridde: det var ballettundervisning! Ikkje alvorleg og strikt, men likevel displinert, med leikande tilnærming til posisjonar og haldning.
I ein periode var det litt vanskeleg med heile dansinga, for ein sårbar femåring merkar utruleg fort at nokon kjenner kvarandre frå før, og at ein kanskje ikkje er heilt "med i gjengen". Slik kan det vel fort verte når dei fleste høyrer til på sentrumsskulen, medan me kjem i frå ei anna bygd. Foreldra får vanlegvis ikkje fylgje ungane inn i salen, fordi dei då vert distraherte frå undervisninga. Men læraren har vist stor fleksibilitet, og me fekk vere der over ein periode, slik at jenta følte seg trygg nok til å vere med. Det føltes trist at noko så kjekt skulle bli så vanskelig, men no er alt slik det skal vere, og ikveld har me sett korleis storesyster og dei andre jentene har leika, dansa og kosa seg.

Dei framførte ein dans i ring, med pianomusikk og ekte ballettrinn, så søte og flinke at morshjarta svulma! Etterpå var det tid for solo-dans, slik dei har øvd på mange gonger. Kvar av jentene fekk velje eit trinn eller ein posisjon som dei framførte etter tur, og til stor applaus frå salen. Ein kunne verkeleg sjå at dei sola seg i glansen! Snuppa vår var nok litt trøytt i ettermiddag, og var veldig spent for å skulle danse framfor så mange folk i salen. Ho lurte litt på om ho i hele tatt ville vere med, men etterpå var ho så stolt, så stolt.

Saman med vetlesyster sat ho deretter nokså pynteleg heilt framme og høyrde og såg dei andre borna som spelte, song og dansa. Ein slik konsert tek laaaaang tid, og det er med skam å melde at me trakk oss tilbake i pausen. Men sidan me hadde to segneferdige småtupper med oss, som knapt hadde helde ut å sitte musestille på plassen sin i over ein time til, så fekk me oss ein matbit og fann vegen heim i senga. Så får me håpe slikt vert tilgjeve ;)

Imorgon skal herr og fru Rosa ta seg ei sløyfe med jolehandel og sidan på jolebord, medan dei søte små nok ein gong er på besøk hjå snille besteforeldre. Ser forresten at eg faktisk var så trøytt igår kveld at eg sette feil dato på innlegget, men det var visst ingen andre som oppdaga det heller ;)
God fredagskveld!
Det kimer nå til julefest,
Det kimer for den høye gjest,
Som steg til lave hytter ned
Med nyttårsgaver: Fryd og fred.

1 kommentar:

Trollkåno sa...

Der skulle eg gjerne vore med......flinke jenter!
Åjau, eg oppdaga det med datoen i går....men pytt, pytt...bagatell.

Related Posts with Thumbnails