fredag 25. desember 2009

1. joledag - unna vei!

I tidlegare tider var 1. joledag ein dag full av forbod. Ein skulle ikkje gå ut, ikkje gå på besøk, ikkje arbeide, ikkje gjere handarbeid. I vår tid er det hjå dei fleste litt anleis, og heldigvis for det (sjølv om eg framleis meinar at dagen skal vere prega av fred og ro!). Me har brukt dagen til å prøve ut jolegåver, både ute og inne. Jentene fekk seg nye akebrett, og storesyster fekk i tillegg ein kjempegod todelt skidress hjå tante og onkel. Med snøføre og fint vèr var det difor perfekte forhold for å ta ein prøvetur i Skarhaugen.

Storesyster var "tøff i trynet", og klatra til toppen av bakken med det samme. Ho skulle absolutt forsere eit naturleg hopp, men då det kom til stykket feiga ho (heldigvis) ut. Men full fart hadde ho nedover bakken, og det klarte eg å fange ganske fint i dette biletet, syns eg.
Vetlesyster er på lang nær så tøff, og protesterte villt for den minste nedoverbakke. Ho likar best å ake oppover! Men etter litt påtrykk frå far fòr ho òg i full fart nedover med frydefulle lydar. Det var vakkert i Skarhaugen idag, og Rosamannen vart vel ein tanke nostalgisk, sidan det var her i bakkane han sjølv aka som smågut.


No ikveld har me vore i stort familiebesøk på mannen si side. Også dette ville vel vore utelukka for eindel år tilbake, men no er vel 1. joledag i stor grad ein dag som vert nytta til nettopp slike samkome. Jentene har kost seg ilag med tremenningar, og me vaksne har fått skravla med slektningar ein ellers ikkje treff så ofte.

Til slutt får eg sei takk for fylgjet til deg som har vore innom medan eg har drive med kalendar-blogging i desember. Det vert nok ikkje innlegg kvar dag framover, men samtidig er eg jo inne i ein god driv, så me får håpe det ikkje vert store hòl ;)

Ynskjer deg gode melsdagar!

4 kommentarer:

Annika sa...

På dei akebilda har du verkleg fått fanga den gode stemninga, så herleg då!

Takk for koslege helsingar inne hjå meg, det er alltid så kosleg å lese!
Og ja, som du seier, det er stille å roleg å jobbe i romjula på kontoret, så det ser eg egentlig fram til. Og tek litt kortare dagar!

Fortsatt god romjul til liten og stor! Juleklem frå Sunnmøre:)

Marianne sa...

God jul! Her er det julestemning så det holder ser jeg med vakre og glade barn: ) Ha deilig fortsettelse på julemoroa-
Klems fra Marianne

KRISTIN sa...

Så flotte bilder!! Eldstejenta i full fart, ja!! Moro med nye akebrett, og at det faktisk er snø så dei kan prøvast ut.

Ha ei fortsatt flott romjul!! Klem!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så härligt! Att åka pulka måste ju vara perfekt sysselsättning till 1:a juledagen.

Ösnkar dig riktigt härliga dagar nu i romjulen. Eller mellandagarna som vi säger i Sverige.

Må gott!

Related Posts with Thumbnails