tysdag 1. desember 2009

1. desember - eit stunt under opprulling

Jepp, eg har bestemt meg - det vert kalendar-blogging i det rosa universet i år!

Eg skal altså ha eit innlegg kvar einaste dag fram til den store dagen, om smått eller stort. Det kan jo tenkjast at kvantitet vil gå på bekostning av kvalitet, men eg håpar det vert kjekt - både for meg og for deko (vossa-ord for "dykk"/"dere" ;)) der ute som er innom og les hjå meg.

Idag er det sjølvsagt andre òg som startar på adventskalendarar i ulike former. Mange har kalendar med små pakkar, andre har sjokolade, flaxlodd, aktivitetar eller kjærlege ord. Hjå oss har det vore pakkekalendar for storesyster eit par år no, men i år vert det ikkje slik. Denne hausten har det vorte mange små og litt større gåver etter alle dei forskjellige reisene mor og far har vore på, og det vert fort mykje fjas og husafyll med 24 pakkar til to jenter. Enten det, eller veldig kostbart! Ja, for om storesyster får pakke må faktisk vetlesyster få det òg! Difor gjer me i år noko heilt anna. Eg har kjøpt "Jul i svingen"-kalendaren, og med den fylgde både aktivitetsbok og CD som kan brukast litt kvar dag. Då eg var på trusopplæringskonferanse tidlegare i haust tok eg dessutan med meg ein kalendar med små bilder som går inn i joleevangeliet. Storesyster er innforstått med at det vert bilder istadenfor gåver i år, og vetlesyster er jo eigentleg uansett i minste laget til å skjøne kva dette handlar om. Akurat no syns eg kanskje bittelitt synd på dei som ikkje får gåver eller snop slik "alle andre" får, men eg trur det er det rette - denne gongen.


Eg har dessutan funne fram Jostein Gaarder sitt jolemysterium, som eg sjølv las då eg var liten. Me les alltid for jentene om kvelden, og i år håpar eg at storesyster kan få glede av den spennande historia, eit kapittel for dagen. Dermed skulle me vere godt i startgropa for den 24 dagar lange ventetida fram mot jol. Eit element eg vil ha med i kvart innlegg er eitt eller fleire vers frå ein jolesong. Dei fleste vert i nynorsk versjon, men nokre gonger er det andre språk eller målformer som gjeld. Og, det er jo ein song det fell seg naturleg å starte med:

Tenn ljos, eit ljos skal brenne
for denne jorda vår
den blanke himmelstjerna
der vi og andre går
omkring og deler vona
at gode ting skal skje
Tenn ljos for dei som strider,
for fridom, rett og fred.


God adventstid!

2 kommentarer:

Hanne sa...

Det kan være lurt å holde igjen litt på kalenderen mens ungene enda er små. Det blir bare vanskeligere og dyrere etter hvert som årene går, hvis man går for ambisiøst til verks de første årene. Og de skal jo ha overraskelser å se fram til på julaften også, så man kan ikke "bruke opp" alle gaveideer heller (om man er villig til å legge penger i den).
Høytlesning er en veldig hyggelig fellesaktivitet. Sist vi leste ei bok høyt sammen med jentene (som nå er 14 og 15) var da siste Harry Potter-boka kom ut, for to år siden. De fikk den i første kalenderluke, og vi samlet oss til høytlesning så ofte vi kunne. Det var sårt da siste side var lest. Både mannen min og jeg skjønte nok at dette kunne være siste gang alle fire var så fenget av samme bok. Men det ble et fint minne.
I dag har jeg blogget om vår hjemmelagde kalender, som ikke ligner noen andre kalendere jeg har sett... :-)
Ønsker dere ei flott adventstid!

Henriette sa...

Julemysteriet er min kalenderfavoritt!!! Eg kjøpte ho det året ho kom i praktutgåve, og har koste meg med den i maaaange år. Når berre ungaen vert store nok, vert dette vår kalender;) Har store planar om å få produsert oliventresfigurar etter bileta i boka, og sette ein fram kvar dag. Husbonden har eit syskjenborn i Betlehem som lagar slike figurar, så det bør vera gjennomførbart.

I år vert det ein Simons adventsbok, og playmokrubbe;)

Kos dykk med julemysteriet i adventstida, det skal eg:0

Klem:0)

Related Posts with Thumbnails