torsdag 19. november 2009

Ut i verda


Så er eg på reisefot igjen. Denne gongen har eg storesøster med meg, og me skal reisa heilt til rotterdam, nederland! Grunnen er ganske enkelt at eg har eit søskenbarn der, ei jente som eg frå barndomen av har hatt spesiellt god kontakt med. No har ho budd i nederland i fleire år, og endeleg skal eg på besøk til ho der! Ho har 3 born, og storesøster gler seg særleg til å møte jenta som er litt yngre enn ho sjølv. Bergen ligg bada i regn og skodde idag, og eg kjenner flyskrekken som ein klump i magen akurat no. Men, når det vert alvor må eg halde maska no som me jentene er på tur aleine! Det håpar eg at eg skal klare, og så håpar eg inderleg at det ikkje vert for mykje risting der oppe! Til å vere redd for å fly skal eg ha uhorveleg mykje luft under vingene dei neste to vekene - no til nederland, og neste torsdag til harstad og sandsøy. Eg kan jo håpa at eg vert kurert?

6 kommentarer:

KRISTIN sa...

God tur til deko begge!! Håper de kosar deko mykje. Sjølv skal eg til London, og systra mi, som skal vera med, har aldri flydd før - så det vert spennande. God helg!!

Janne sa...

Tenke det går bra æ, tøff du som tørr å reis aleine me ongan - det e sikkert at æ ALDRI har gjort ;0)
Dåkker får ha god tur, håpe dåkker får litt bedre vær enn det vi e forespeila i hælga da.

Henriette sa...

Sidan du har lagt att in koseleg komentar hos meg, reknar eg med at du overlevde flyturen;)Kniiiis. Har STOR medføling med deg, fly er kjempeskumelt!!!!!Reknar med du og storesøster kosar dåke masse:)

Joda, det er koselege ting som gjer at det er travelt, men det roar seg uti veka;)Massasje rett før jul høyrest lurt ut. Kan trenge litt avslapping og nedstressing på den tida.

Ha ei super hel vidare.
Klem:0)

EllenSand sa...

Dette var en skikkelig trivelig blogg. Denne må jeg følge. God tur! :)

M sa...

Så skjønt innlegg under her...heldig at du fikk ha ham så lenge..
Håper du får en fin tur!
Klem,M

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Jag hoppas ni får en riktigt fin tur! Och slipper regn. :-) (Eller så har ni haft en riktigt fin tur utan regn...om du har kommit hem nu när jag skriver detta...)

Ha det fint!

Related Posts with Thumbnails