laurdag 14. november 2009

Soloppgang i november

Den siste tida har me hatt fleire kalde klare dagar her vest, og både soloppgang og -nedgang er vakre skue. Det øverste biletet er teke utanfor barnehagen der jentene går, med solstrålane som strekker seg over skylaget. Dei to nederste er på veg til jobb. Eg har alltid Ixus'en min (kompaktkamera) i veska, og i slike stunder er eg glad for det.

Ein litt lang laurdag i rosaheimen, med jenter i full fart og trøytte foreldre på slep etter. No skal mor kravle seg til køys, og satsar på at morgondagen vert lettare. Då skal eg og storesyster lage jolekrubbe ilag med andre 5-åringar i bygda, medan far og vetlesyster reiser til ei tante som treng litt hjelp med skulearbeidet.

nattinatt!


7 kommentarer:

tanja sa...

kjempeflotte bilder!

Rønnaug S. sa...

Du har rett, der. I at sola har satt eit verkeleg vakkert preg på veka. At helga vart av eit anna slag, det kan vi nok leva med.

No sit eg å førebur ettermiddagen. Fekk ei ekstra utfordring sidan presten vert heime med solig snue. Men skal vel gå det òg. Det vert i alle fall full rulle med femåringane. Dei aller fleste kjem. JIPPI! Gler meg til å vera i lag med dykk.

Annika sa...

Fantastiske bilder! Eg er utruleg svak for fargeleiken sola sørgar for på himmelen når den går opp og ned.

God søndag. Kan tenke meg det blir artig med juleverkstad!

Nikoline sa...

Ååå... nydelege bilder!
Så koseleg foretak å laga julekrybbe med 5åringane i bygda! De er flinke å få det til på Evanger synes eg.
Men du... venta ein heil månad med julestemninga...? Nei,den vil eg ha i kroppen heile adventstida.. kosa meg med kvar einaste dag.. Berre eg vert ferdig med "den hersens" julemessa! Ha,ha.. som om det ikkje skulle vera frivillig..
Ha ein riktig god søndag og håpar du får lada batteria idag:0)

Anne sa...

Så utrolig flotte bilder:)
Ha en fin søndag!

KRISTIN sa...

Så flotte bilder. Det midterste var nydelig!!
Tusen takk for koselig kommetar om bildet mitt av Lillegutt.
Om eg har nokre tips? Tja, ta i bruk det man har.
Det bildet av han er tatt på soverommet vårt. Vi hadde kvitt sengetøy, og i bakgrunnen hengte eg opp laken. Eg snudde alle spottane i taket mot senga. No skal det seiast at vi har et objektiv som er svært bra. Det er et 50 mm, bra til portrett og har brennvidde på 1,4 - hvilket vil si at man ikke trenger blitz inne, selv på kvelden.

Tipset blir vel at man må prøve seg fram med det utstyret man har. Lykke til.

rod i hob sa...

Nyyydelige bilder!
Imponert når det er med Ixus'en :-)

Related Posts with Thumbnails