søndag 29. november 2009

Å, så vakkert!

Me er framleis på Sandsøy, og me har nydeleg vèr. Difor måtte eg straks ut med kamera i føremiddag når frokosten var vel fortært. Her er ikkje mange timars dagsljos, og for meg som ikkje har opplevd det før er det ganske facinerande! Det blålige lyset, med det raude der sola ligg og gøymer seg bakom hav og land i det fjerne. Bileta her er alle tekne i 12.30-tida idag, og kanskje ser du at det såvidt har byrja å mørkne? Det er vanskeleg å fange ljos. Vanskeleg å få akurat den rette tonen i bileta. Eg har ikkje det i desse her heller, men eg håpar du kan få litt kjensla av det fantastiske ljoset som er her!









Imorgon (eller eigentleg idag, sidan klokka har tippa over midnatt) er det fyrste sundag i advent, og det kjennest litt fjernt akurat no. Eg registrerer at mange bloggarar har funne fram adventspynt eller jolepynt, og kanskje iløpet av veka heime kan me iallefall finne fram litt ljos og ein lilla duk? Eg sitt dessutan og tel litt på knappane om eg skulle prøve å legge ut på jolekalendar-blogging. heldigvis har eg ein dag og to att til å vurdere det.
Sov godt der ute i novembernatta!

8 kommentarer:

Anne sa...

Kjempe flotte bilder. Nydelige farger i det øverste bildet:)
Jeg skal selge litt på en lysfest i dag, ellers skal jeg bruke litt i egne julegaver. Håper på litt salg:) Første gang jeg deltar på noe slikt. Er en liten lokal lysfest med salg.. greit å begynne i det små. Ha en fin 1.søndag i advent:)

Anonym sa...

ser utrulig vakkert ut der oppe!!
Her er adventspynten komen ut men mangler stake og lyspære i stjerna..hehe.
-N-

Heidi sa...

Nydelig bilder!♥ Ha en flott søndag! Heidi

Heidi sa...

Jeg koblet ikke med en gang jeg- men nå kjenner jeg deg igjen - på eldstejenten!:) Morsomt hvordan man ses igjen, jeg har også "mistet" deg underveis, så det var koselig med et gjensyn! Klem Heidi

Annika sa...

Det må vere utruleg spesielt å vere i Nord-Norge på denne tida av året. Det var flotte bilder!

Det blir nok advent hjå dokke også tenkjer eg:) God tur heimover, og fortsatt god søndag!

igi sa...

Nydelige bilder. Vakker natur! Klem Igi

ingridmarie sa...

Nydelige bilder frå vakre Sandsøy! Jo, ein lyt nyta slike vakre dagar og vakker natur, og høvet til å treffa familie, sjølv når omstenda er triste. Godt at de fekk helsa på i sommar! Vi miste Oldefar for et par år sidan, men Storesøster snakkar enno om han, finn fram bilder og synst det er fint å høyra historiar om han. Lillebror ber namnet hans, og det er særleg fint synst eg.. Med ynskje om ei fredfull og god adventstid til deg og familien! Og takk for gode ord frå deg!

Trollkåno sa...

Å, so flotte bilder frå Sandsøy........trur me får gjere alvor av ein tur dit........ein gong.

Related Posts with Thumbnails