søndag 8. november 2009

Rimfrost og skodde

Då eg var på kurs for ei dryg veke sidan (hjelpemeg så fort tida går!) haldt me til i vakre omgjevnader på Gran på Hadeland. At dei var vakre fekk me bevist den dagen me ankom, men seinare vart det ein godt forvart hemmeligheit, grunna tjukk skodde som omkransa hotellet.


Samstundes var det blå grader på termometeret, og kobinasjonen av desse skapte vakre kunstverk rett utom døra. siste dag på kurs fekk eg knipsa litt bilder av desse små og store kunstverka, frå det store kvite treet til edderkoppvevet inni buskene. På nokre av bileta ser ein òg tydeleg kor tjukk skodda faktisk var.


Og det var kanskje like greit at me ikkje såg sola og den blå himmelen som låg utanfor vår vesle boble, for då hadde det kanskje vorte vanskeleg å konsentrere seg om budsjett, paragrafar og personalpolitikk?
Om du trykker på bileta skal dei komme opp i større versjon. Sidan eg ikkje klarte å velje ut berre eit par bilete måtte det bli i montasje-form denne gongen. Imorgon startar ei ny veke, og for oss jentene i rosaheimen vert det ein fridag. Når barnehagen har planleggingsdag og far har avsluttande eksamen med studentane sine er det mor som lyt ta fri frå arbeidet. Då er det fint at 4 dagars-veka kan snuast om til ei tysdag-til-fredag-veke.
Håpar du der ute får ei fin haustveke, midt i november!

9 kommentarer:

KRISTIN sa...

Tusen takk for veldig hyggelig kommentar på dei to siste innlegga mine. Det var fin lesning.

Bilda dine fra Gran var nydelige. Rimfrost er så fint.
Ha ein fin fridag!

Nikoline sa...

Nyyydelege bilder! Naturen kan dette med å pynta seg... Rimfrost kan vera like fint som snø synes eg.
Kos deg med den ekstra fridagen din og ha ei strålande veke :0)

Småbyliv sa...

Kjempefine bilder!! Det kan bli utrolig vakkert ute i naturen med slike kombinasjoner :)

Ønsker deg en fin uke!!

Trollkåno sa...

Ser kaldt ut...men du so flotte bilder!

igi sa...

Nydelige bilder! ønsker deg en fin uke!

Rønnaug S. sa...

Du verden. Fikk du tatt bilder også. Absolutt ei utbytterik uke, det der.

Planleggingsdager er fine ting. Har virkelig kost meg med fri i dag.

Gamleheksa sa...

Du store mi tid! Kan det være så flott på Hadeland,hehe. Stadig kniving mellom Toten og Hadeland om hvor det er best, men jeg har såpass mye hadelandsblod i årene at jeg bør være nøytral.
God uke.

rod i hob sa...

Nydelige bilder :-)
Virkelig fanga øyeblikka! Forstår godt at du ikkje klarte å velga!!

Når det gjeld bord og benk blir dei nok kvitmala -dei skal stå under trappa -der er det panel frå før, -så eg må ha det litt lysare....!

Ha en fin kveld!! Eg vente på Mc Dreamy ;-)

Anne sa...

Så Nydelige bilder!

Har en liten utfordring til deg inne på bloggen min hvis du har tid og lyst;)

Ha en fin kveld!

Related Posts with Thumbnails