fredag 6. november 2009

Material girl, del 2 *** size DOES matter! ***

For eit par veker kom skatteoppgjeret for dei av oss som er såkalla næringsdrivande. Min kjære mann fekk eit konsulentoppdrag då han var nyutdanna for eit par år sidan, og saman med oppdragsgjevaren fann han det mest praktisk å starte eit einmannsforetak. Han har ikkje hatt meir enn dette eine oppdraget på foretaket, men har likevel ikkje somla seg til å avslutte det. Difor sitt me litt lett lysegrøne av misunning når "folk flest" får skatteoppgjeret akurat i tide til sommarferien.

Me er litt mindre lysegrøne no, når alle andre har svidd av skattepengane sine for lengst, og me fekk vårt oppgjer. Utan å gå i detalj kan ein vel sei at skattefuten og jolanissen greitt kunne ha bytta plass for vår del; Fyrstnemnde er mykje meir innbringande ;) Det positive utfallet kom ikkje heilt uventa, så me har igjennom året samla opp ein del ting som me skulle vente med til skattepengane kom. Ting ein treng i større og mindre grad, og som lett kræsjar eit månadsbudsjett om det kjem brått på. Sånn som f.eks. vaskemaskin.

I ein heim med to små jenter som ikkje går av vegen for litt gjørmebading eller ein grundig kroppsvask - med kleda på - så vert det ganske mykje klesvask. Når dei i tillegg gjerne deler ketchup, tomatsaus eller ein dæsj yougurt med oss vaksne, i form av nærkontakt med kleda våre, så vert det endå meir. Difor merkast det svært godt når vaskemaskina ikkje vil sentrifugere skikkeleg. Når ein må ta att klesvasken både 2 og 3 gonger for å sleppe og henge den dryppande våt på stativet tek det iallefall ein god del lengre tid her i rosaheimen. Ergo stod ny vaskemaskin høgt oppe på ynskjelista når skattefuten hadde opna sekken sin.

På Elkjøp stod maskinene på rekke og rad, og me fekk høyre om ulike kvalitetar og merker. Me gjekk etter eit kjend merke, men bortsett frå det var det ein ting som talde: størrelse på trommel og størrelse på sentrifugalkraft.

resultatet: Elektrolux med 7 kg kapasitet og 1600 omdreiningar. HURRA!! No går klesvasken som ein leik (etter eit par pittesmå startvanskar, då rosamannen hadde gløymt å fjerne transportskruene før me køyrde igang. Heile tørketrommelen (som står oppå maskina) var på veg inni armane mine....)!

Etterpå var det far sin tur til å få sitt ynskje oppfyllt: Flatskjerm-TV. Dette er eit ynskje han har båre på i årevis, men det har aldri vorte prioritert, sidan me har ein tv som faktisk virkar, men som sjølvsagt er i minste laget. Tanken min var at me skulle vente til me hadde ein ny og fin stove å sette apparatet inn i, men så var jo òg tanken at stova for lengst skulle vore ferdig no. Ein annan tanke eg har hatt er at i vår stove ville noko større enn 37" bli grotesk stort. Mannen meinte sjølvsagt noko anna. Det er ein ganske markant forskjell på kvinner og menn slik: mannen vil ha størst mogleg, kvinna vil gjerne at det skal sjåast i samanheng med omgjevnadane... Eg hadde etterkvart innsett at eg kanskje måtte bevege meg mot 40" om me skulle få dette til. På nett såg me eit par lovande kandidatar, men i butikken var bildet eit litt anna. 42-tommarane hang på rekkje og rad, med lynskarpe bilete og lekre design (jaudå, eg syns òg det kan vere ganske stilig), og før mor fekk tenkt seg om hadde far tatt ei generalavgjersle på at 42" var heilt fint for stova vår.


Eg sveiva oppatt kjeven, og innsåg at kuppforsøket var vellukka. Trass alt hadde jo eg sjølv berre minuttar tidlegare gått for størrelse? Som ei løysingsorientert kvinne ser eg no på flatskjermen vår der den står og ruvar i stova, og har tenkt ut korleis den skal "forsvinne". Det finst jo mykje fint i panelgardiner, ikkje sant? ;)

(bileta er lånt frå diverse stader på nett)

9 kommentarer:

tanja sa...

hihi transportskruar:)
vi kjøpte 32" for eit par år sidan og syntes det var stort, men so skulle vi sjå ringenes herre på dvd og vart fort skuffa...det vart berre eit lite rektangel midt på skjermen. no vil eg og ha 42" flat tv:)

Anne sa...

Kjekt å gjøre store innkjøp man har planlagt i lengre tid!Har faktisk 2 stk 42" flatskjermer i hus... Noe må mennene våre få bestemme;)Er greit for meg så lenge jeg får bestemme resten av ineriøret.. hehe..
God helg!

Henriette sa...

Ååååh, no vart eg faktisk litt misuneleg, men faktisk ikkje på flatskjermen....Ønsker meg STOR vaskemaskin!!!!!!!! Hadde berre ein liten tass når vaskemaskinen kom i hus, og hadde ikkje heilt skjønt KOR MYKJE skittentøy som dukkar opp med små born......

Høyrest ut som om du har kost deg i Oslo - vel fortent:) No håpar eg du får ei flott helg:0)

Klem:0)

sinnlighet sa...

Sweden calling...

So glad I stumbled on your lovely lovely blog today, it's always nice to find other blogger out and about on the net! Sooooo nice post!

Peace & Love

Agneta

Linda sa...

HELL YEAH size matters!!!

grattis med ny vaskemaskin!! sånntnåke må man ha!! (seier eg som snart ikkje har vaskemaskin meir og må benytte meg av vaskerette-greie)

rod i hob sa...

Heia!
Gratulera med ny vaskemaskin og nytt tv! E kjekt å venta på sånne "gava" slita det gamla litt.. Eg ynskjer meg og ny tv... same størrelsen som din -men det er mest for at eg vil bli kvitt den gamle stygge tv-benken! Men, det gamle virker fremdeles, så det blir ikkje ny tv i huset endå....

Tusen takk for kjekk helsing hos meg ;-) Går fint med 2 åring i hus. Men ho e litt urolig om nettene endå.. Men heldigvis har me klart å snu -ikkje leggetid- til mellom 7 og 8. Heilt nødvendig med faste rutinar, -for store og små :-)

Ha ei fortsatt fin helg Rosa :-)

Annika sa...

Det er "godt" å høyre det er fleire som gløymer transportskruane, for akkurat det same skjedde med oss ;)

Og eg kjente meg akkurat igjen i val av flatskjerm også, eg syns det var passeleg med 37", men sa etterkvart maks 42", og 42" blei det då. Noko større torte ikkje han ;) Men no ser eg, etter å ha hatt tv'en eit års tid, at eg er glad ikkje den er noko mindre iallfall. Synet blir ikkje bedre med åra nemlig;)

Ynskjer dokke ein strålande søndag!

Rønnaug S. sa...

Fantastisk. Så kjekt å høre om nyanskaffelsene. Og ikke minst når det er du som beskriver dem. Helt genial framstilling av fakta. :)

Og 42" bak panelgardiner.... En ide noen og en hver kunne ta til etterfølgelse. men først må vi bli kvitt det beistet av en tv som står på stua. Her i huset er det kanskje jeg som gleder meg mest til å få bytta. Desverre virker den alt for godt enda...

KRISTIN sa...

Hihi..Må flire litt no. Samboeren min kuppa meg med 42" også. Eg trampa i golvet og slo laus på han, med flat hand, og anklaga han for å ha øydelagt stova vår. Berre kassen var stor nok til at eg fekk plass i den! Men med et skkkelig Tv-møbel så vart det ikkje så verst, og no - 2 år etter, ja så vil eg ikkje bytte den vekk mot noko mindre. Fantastisk film-TV. Du vil nok like TV-en godt du også!!

Jau, det er i dei norhodlandske traktene eg heldt meg her vestpå. I ei lita bygd attmed Osterfjorden i Lindås kommune.

Ha ein fin kveld!

Related Posts with Thumbnails