fredag 13. november 2009

Fin start på helga

Det er jammen fredag igjen. Slutten på arbeidsveka, starten på helga. Fredag er ein god dag. Vanlegvis har eg fri, og gjerne jentene heime frå barnehagen, men idag har det vore full rulle. Fridagen tok me jo i starten av veka.

Etter mine tilmålte timar på jobb møtte eg mine 3 kjæraste til pizzamiddag på Voss. Deretter bar det avgarde til kinoen for heile gjengen. "Julenatt i Blåfjell" hadde jo premiere idag, og kinosjefen ville gjerne gjere litt ekstra utav det. Det passa jo perfekt saman med at me hadde blånisse-notar ute på prøve i musikklaget. Lønna var gratis kinobillettar til heile hurven, og det syns me var kjekt, både store og små.

Storesyster er av den typen som verkeleg lever seg inn i det ho ser, og dermed var ho skrekkslagen etter kort tid. Det vart gråt og tenners gnissel, så eg og ho måtte ut og lufta oss litt. Rosamannen seier ho er lik på mor si, og han har kanskje eit poeng? Eg må kanskje fortelja eg sjølv har ein vane eller evt uvane med å halde meg for øyrene når det vert skummelt på filmar eg ser. For eit par år sidan låg eg på senga og las Dan Brown sin "engler og demoner". Eg var i scena der hovudpersonen klatrar ned i krypta og plutseleg oppdagar skjelett og hovudskallar..... plutseleg oppdaga eg at eg låg i senga og haldt meg for øyrene mens eg las. Så - kanskje har mannen rett? Kanskje er jenta litt lik på mora :)


No har kvelden senka seg, og framfor meg står eit glas raudvin. Me har ei roleg helg framfor oss, og det kjennest bra. Bileta idag er eit fint zink-hjarta eg fekk til bursdagen min, og som no heng på kjøkkenet. Duken med broderiet kjøpte eg på den nye bruktbutikken på Voss (som eigentleg berre er eit permanent loppemarked - heilt supert!). Håpar de der ute har det fint, og får ei god helg!

1 kommentar:

KRISTIN sa...

hi-hi...Syns eg ser deg der du heldt deg for øyrene mens du les bok. Hadde skjønt det hvis det var augene...?! Eg har det med å gå ut av rommet og kikka inn att med ett auge ved dørkarmen, når ting vert for skummelt på film. Riktignok litt vanskelig på kino. Håper Storesøster fekk sett resten av filmen og at skrekken slapp taket?!
Hjertet og duken var flotte. Tusen takk for hyggelig kommentar inne hos meg!
HA en fin dag!

Related Posts with Thumbnails