tysdag 17. november 2009

Ein sjømann har mønstra av..

Idag fekk me beskjed om at rosamannen sin bestefar hadde sovna stille inn ved midnatt. I april 2010, altså om mindre enn eit halvt år, ville han fyllt 100. Då er det lov å vera trøytt av dage, og sjølv om det er vemodig at han er borte, så er det godt at han har funne fred.

Det var denne bestefaren og oldefaren som var hovudmålet for reisa vår då me i sommar var ei dryg veke i Nord-Noreg (innlegg med bilder frå fantastiske Sandsøy finn du her, her, her og her), og den fyrste gongen me var ute for å besøkja han på sjukeheimen var han oppe, glad for å sjå oss og alle. No som då er me uendeleg glade for at me tok den turen. Så glade for at han fekk sjå begge jentene, og for at iallefall Storesyster vil kunne ha minner om han. Den gamle oldefaren med glimt i auga.

Anna Rogde, som du ser på bildet under, høyrde til i slekta til bestefaren. Difor var det stas at den segla forbi då me hadde siste kvelden i Harstad før me reiste heimatt i sommar. Sjølv har eg ikkje vore ombord, men mannen snakkar endå varmt om turen familien fekk då skonnerten vart overteken av Harstad kommune.
Eit dikt får avslutte idag, til ære for sjømannnen. Må han kvile i fred.
Hymne til havet

Hav, du som fredlaust klagar
ved natt under stormsvart sky,
der du vilt i ditt velde jagar
fram mot ukjende morgongry:
Du har gitt meg den ville dragnad
mot den draum du min ungdom gav,
eg er eitt med din tunge lagnad,
du det evige, store hav.

Hav, du som solblått smiler,
i drøymande, stille fred,
der mot kveld i deg sjølv du kviler,
medan sola i vest går ned:
Du har synt meg dei ljose strender,
som ein gong gjennom blånar stig,
når den siste seilasen ender,
og når segla i kveldsol sig.

Eg jublar mot morgonròden,
då når sola i gryet skjelv,
og stig op or den gyllne fròden
som ei jomfru or livsens elv.
Og dei havsalte gufs eg kjenner,
strøyme mot meg i djupe drag,
til eg livsglødd i lengting brenner
mot den vaknande, nye dag.

Men når himlar i havet logar
lik ein eldsjø i solarglad,
stig det solslott med spir og bogar
frå min barndoms den sikne stad.
Og eg stirer mot himmelranda,
der den sloknande, siste glod
ber meg bod frå dei tapte landa,
der som barn eg i draumar stod.

Du var nær meg i tunge stunder
og din song i mi sjel meg gav.
Han er myrk, men med vemod under,
som du sjølv, du fortapte hav.
Og eingong når min livsdag hallar,
skal eg vente med song i sinn,
til i storsjø og storm du kallar
til din evige fred meg inn.

-Jakob Sande-

3 kommentarer:

bestemor sa...

Takk for fine ord og et passende dikt til minne om min snille og gode pappa som nettop har forlatt oss :)

KRISTIN sa...

Kondolerer så mykje.
Fine ord og fine bilder. Virkelig godt de fekk tatt turen nordover i sommer.

Varm klem!

igi sa...

Så fint du skriver om noe som er veldig vanskelig for mange. Bra at dere fikk hilde på han i sommer!

Klem IGi

Related Posts with Thumbnails