fredag 30. oktober 2009

Søsterkyrkjene på Hadeland

eller søskenkyrkjene, som skuleborn i området ville kalle dei. Grunnen: jau, den eine kyrkja vert kalla Nikolai-kyrkja, og då kan den sjølvsagt ikkje vere ei syster!



Iløpet av kursveka mi på Gran/Hadeland fekk me omvisning i dei vakre systerkyrkjene; Mariakyrkja og Nikolaykyrkja. Den enkle, reine Mariakyrkja, den overdådig dekorerte Nikolai-kyrkja. Historia vil ha det til at det var to systre som ikkje var på talefot som bygde kyrkjene, men forskarar meiner no at navnet kjem seg av at det var kloster i området, og at navnet på kyrkjene kjem derifrå. Begge kyrkjene har ei brokete fortid med brannar, forfall og restaureringar, men framstår idag som velhaldne og vakre byggverk frå ei fjern fortid. Her er bilder kun frå Nikolaikyrkja, men Mariakyrkja var òg svært vakker på sitt vis (trykk på billedmontasjen for å få den større).

No er altså kursveka mi avslutta, og den har vore heilt super. Interessante foredrag, kjekke med"studentar" og heilt aldeles fantastisk mat på Hotell Hadeland. Verkeleg verd eit besøk. Det skada heller ikkje at hotellet har store mengder norsk kunst på veggane - noko vakkert å kvile auga på er alltid kjekt! i skrivande stund sitt eg hjå ei god veninne, og imorgon skal eg ha heile dagen for meg sjølv i hovudstaden, med litt shopping, lunch-avtale og kabarèt-framsyning om kvelden. kort sagt: Life is good!!

nattinatt :)

2 kommentarer:

Annika sa...

Å, er det på Gran du har vore på kurs no altså? Så kjekt då! Mi kjære søster bor på Brandbu, 10 min frå Gran.

Kjekt å lese at det var god mat på Hotell Hadeland. Tenkte å sjekke ut det hotellet neste gong vi skal nedover. Sist var det nemlig fullbooka, så då blei det litt lang reiseveg frå hotell til søs.

Søsterkyrkjene verkar så flotte. Eg har ikkje fått muligheita til å kike nærmare på dei, men forstår det snart er på tide;)

Kos deg med shopping i tigerstaden, og god tur heimover med NSB:)

KRISTIN sa...

Så moro å lese om kyrkjene. Vi har som juletradisjon å besøke Hadeland glassverk, så eg har sett den kirka, men aldri stoppa der.
Kos deg med handling i Oslo!

Ha ein fin dag!

Related Posts with Thumbnails