søndag 25. oktober 2009

On the (rail)road again


Jepp, då er eg for andre gong på under ei veke på veg austover med nsb. Eg likar å reisa med tog, der eg kan bruke tida til å lesa, strikka og andre ting som eg ellers ikkje alltid tek meg tid til. Denne gongen har eg på sjefen si rekning innvilga meg plass på nsb komfort, der eg for 90 kroner ekstra har straum til laptop'en, og tilgang på nsb sin upåklagelege kaffi og dagens aviser. Alt ligg tilrette for ein fin tur. Litt mindre underhaldande er kansje sportsquiz'en til det unge paret bak meg (og telefonsamtale med ei farmor som er litt bekymra for svineinfluensa), men med meg har eg lydboka med harry hole som min riddar i litt avslepen rustning. I oslo ventar ei god veninne, og i bag'en ligg ei flaske raudvin som skal delast på ein heilt vanleg sundag. Ingen fare for morgondagen av den grunn, og kurset eg skal på startar ikkje før ved lunchtid ;). Blogging var noko av det eg ikkje rakk dei dagane eg har vore heime mellom kursa, sidan tida etter leggetid for dei små har gått med til huslege syslar og førebuingar av gåva far (og mor) fekk av oss ungane, barnebarna og mine onklar og tanter; ein tur til london i januar. Kjekt å gje noko som kom så overraskande på mottakarane! Denne gongen er kamera og laptop altså med på tur, og eg ser ikkje vekk frå at det dukkar opp eit lite innlegg dei næraste dagane frå eit hotell midt mellom ingenting ;). God veke!

4 kommentarer:

Blåbærpai sa...

GOD tur! Kos deg i Tigerstaden!

Hanne sa...

Ja, å reise med tog er en fin måte å få tiden for seg selv på. Nå fikk jeg lyst til å ta en togtur!

KRISTIN sa...

Håper raudvinen falt i smak i går, og at kurset er lærerikt. Kos deg på tur!!

Rønnaug S. sa...

Vi savner deg på jobb. Ikke arbeidskrafta di, men DEG!!! Håper kurset blir knakande kjekt og at du storkoser deg :)

Related Posts with Thumbnails