torsdag 8. oktober 2009

... og heklemamma


Etter det store hekleprosjektet som vart ferdig for nokre veker sidan fekk eg store handarbeids-abstinensar. Restegarn hadde eg òg, i akurat slike fargar som storesyster likar. Dermed var planen klar - eg kunne hekle ei hue. Eg sette igang med oppskrift på ei vanleg hue, men bestemte nei fort for å jobbe vidare på frihand - eg ville laga ei slags alpehue. Som tenkt så gjort, og eg hadde handarbeid du par kveldar til. Og det beste av alt; jenta elskar den nye hua si!

7 kommentarer:

Ingrid sa...

Oi du er flink !! Hua er flott så dette må du gjere meir av.

Henriette sa...

SÅ flink du er!!!!Eg kan klara meg lenge med ei oppskrift, men på eigahand......då slit eg....Imponerande:)

Genseren og var kjempefin, noko eg har prøvd 4 gonger å legge inn ein komentar om, men det er kuuuuul umulig, så no får me sjå om dette verkar....

Klem:0)

Henriette sa...

Wow, eg fekk det til!!!!! Då prøver eg å legge inn svaret på mysteriet om vårt todelete bryllupp. Det har eg prøvd 2 gonger og sende på mail og, men berre fått i retur. Merkeleg.

Me delte brylluppet i to av reint praktiske grunnar. Me ville ikkje vera sambuarar, men me vill ha eit stort bryllupp, der familien til husbonden og kunne vera med. Når han flytta hit, og me visste at familien ikkje kunne koma før året etter gjorde me det slik.

No viste det seg at dragen faktisk vart ei velsigning i forkledning. Vigsla i kyrkja vart så flott!!! Prosten holdt ein flott tale der han tok utgangspunkt i vår historie og bibelvers me hadde valt sjølv, og me hadde sangar som me valte ut sjølv. Noko heilt anna enn ein 5 minuttars hos sorenskrivaren. Me følte oss på alle måtar velsigna, sjølv om forbønshandlinga ikkje kom før året etter. Då hadde me til gjengjeld ei flott forbønshandling, og husbonden sin far, som er greskortodoks prest, stod for deler av seremonien. Ei høgtidsstund der mange frå husbonden sin familie, og vener frå 5 kontinent var med:0)

Syntes historien vart vela lang om alt skulle med, så dermed hoppa eg bukk over den delen;)

Ha ein flott kveld.
Klem Henriette:0)

KRISTIN sa...

Skjønner godt at den falt i smak - ei skikkelig søt jentelue!!

Takk også for hyggelig kommentar på "Fargeklatt-bildene" mine.

Ha en fin kveld!!

Gamleheksa sa...

Skjønner godt at denne lua falt i smak. Kjempefin er den. Regner kanskje med at det ble noen nye prosjekter etter turen med mor:)

Anne sa...

så fin lue du har heklet;)skjønner godt at hun likte den!

Linda sa...

kjempeflott!! Oda ser superfornøgd ut!! Tenkat ho har so flink mamma!

Related Posts with Thumbnails