fredag 9. oktober 2009

Eit "glede seg til"-innlegg

Det er oktober, og for fyrste gong på gudane veit kor lenge har det ikkje regna heile dagen. Då morgonsola (!) stod på himmelen fekk me vårt fyrste møte med morgonrim på bilen og småglatte vegar. Oktober er ein intens bursdagsmånad i familien min. I tillegg til meg sjølv er det 5 andre medlemer av "storfamilien" (foreldre, sysken, tanteborn) som er fødd i denne månaden. Eg og storesyster rekna på det ikveld, og fann ut at ho skulle i selskap 5 helgar på rad! To av dei er overstått, 3 står på trappene.


Dette er ein av grunnane til at oktober er ein "glede seg til"-månad. Eg syns det er kjekt å leite etter gåver til jubilantane, enten dei er store eller små. Nokon gongar vanskeleg - erfaringa er at vanskelegheitsgraden stig med alderen, men likevel fint. Eg gler meg til selskap med familien, der jentene mine får kose seg med flokken av søskenborn som dei er så glade i og ser slik opp til. Gler meg til småpraten med dei voksne, som det likevel kan bli litt lite av når minstemor skal fylgja i hælane på dei store høgt og lågt. Gler meg til å sjå om gåvene sler an. Nokon er plukka frå ei ynskjeliste, andre kjem som ei total overrasking til mottakaren. Begge delar har sin sjarm!


Denne oktober-månaden gler eg meg ekstra mykje. Eg skal nemleg på kurs på Austlandet to veker på rad i forbindelse med jobb. Eg likar å reise austover. Den avslappande togturen, der eg kan kose meg med blad og musikk, handarbeid og frie tankerekkjer. Nytte høvet til å treffe gode veninner som ein gjerne skulle sett endå oftare. Den fyrste runden vert det mindre togtur-kos, for då skal eg ta nattoget begge vegar. For fyrste gong skal eg teste ut NSB sine sovekupèar, og eg håpar det fører til at eg kan stille med nokonlunde fornya krefter både på den to dagar lange Trusopplæringskonferansen på Lillestrøm, og i heimen når eg vender tilbake grytidleg ein torsdag morgon.




Berre tre dagar seinare, sundag ettermiddag, set eg meg igjen på toget austover, for eit kurs som går på leiing, personalansvar, budsjett og rekneskap, forvaltning osv. Ganske spennande saker som kan vere fint å ha i ryggsekken! Det er sjølvsagt ingen bakdel at eg "må" bu på hotell heile den aktuelle veka, eller at eg får snike inn ei veninne-overnatting i kvar ende av kurset. Det eg likevel gler meg aller aller mest til med denne andre turen er den ekstra dagen i hovudstaden. Kurset mitt varar t.o.m. torsdag, og istadenfor å reise rett heimatt har eg hjå rosamannen fått innvilga ein dag ekstra der borte, der eg berre skal KOSA MEG! Pengane eg har fått til bursdagen min (bortsett frå dei eg brukte på det knallkule skiltet over) skal sparast til denne dagen (og kanskje eit par kroner til ;) ), då eg skal tusle rundt i Oslo-gatene. Eg har eit par tankar om kva eg har lyst å finne der, men dei skal få vere inni hovudet foreløpig. Og så - fredag kveld - er det toppen av kransekaka: då skal eg på forestillinga "Vi har fått et nytt liv" med vokalgruppa Stilett. Der er ei av mine beste veninner med, og eg gler meg masse til å få med meg denne happeningen på Cafèteateret!




Dessutan gler eg meg til neste fredag, når nærbutikken vår endeleg opnar igjen, etter nesten eit halvt år der me har måtta køyre to mil for å handla daglegvarer. I dette halve året har ein verkeleg fått opp augene for kor viktig ein slik butikk er for lokalsamfunnet. Det viktigaste er kanskje ikkje maten, men møteplassen, småpraten med sambygdingar, ein stad å slå av ein liten prat med folk ein ellers ikkje treffer i det daglege.

Og sist, men ikkje minst, gler eg meg til å gjere ferdig oppussingsprosjektet me har helde på med dei siste par månadane. Nok ein gong har me fått kjenne at i eit gammalt hus finst det ikkje noko slikt som eit "lite og raskt" prosjekt, men det ferdige resultatet vert veldig veldig bra! Eg gler meg til å vise det fram her på bloggen ;)

Men akurat no gler eg meg til å tusle opp på soverommet, der dyna er varma opp av femåringen som akurat no syns det beste i verda er å krype inntil mamma og sove vidare.

Eg ynskjer deg ei god natt og ei god helg! Kva gler DU deg til?

5 kommentarer:

Henriette sa...

Høyrest ut som om Oktober vert ein flott månad hos deg. Så kjekt med både kurs og kos;) Hos oss er Oktober starten på bursdagsmaratonet i familien, der det toppar seg i Januar med 7 bursdagar:) Litt upraktisk for lommeboka å samle dei rundt jul;)

Så rart med komentaren som aldri dukka opp på min skjerm...Då har jo du måtta li deg igjennom fleire versjonar du då, håpar innhaldet stemte i bege/alle variantne, hi,hi.

Nyt Oktober. For min del gler eg meg til pappa sin 80 års dag 31.

Ha ei god natt.
Klem:0)

KRISTIN sa...

Hei!! Så kjekt med så mykje å glede seg til på ein og samme måned!!
Dersom du ikkje har vore i Lillestrøm før, så må eg få anbefale cafeen "Pikene på hjørnet" og den indiske restauranten "Mirchi" som ligger et steinkast unna Thon Hotel, der eg reknar med at du skal bu. Lenger inne i sentrum finn du fleire koselige cafeer og restauranter, og ein flott interiørbutikk som heiter "ZANZ - ikke som hos naboen" (zanz.no). Kos deg masse.
Eg gler meg forøvrig til bryllupsfest for eit vennepar, systra mi og to nieser som kjem på besøk og loppemarked! Alt skjer til helga igjen!!

Kjekt også å høyre at fleie er velsigna med menn som ikke er blant dei mest observante!!

HA EIN FLOTT HELG!

Linda sa...

Blir heilt svett eg..
håpar du kosar deg skikkelig!!

*masse klemmar*

Anonym sa...

Heisan! No er eg igang med heklepledd i garn frå SparKjøp! Prøver i fargane creme, beige, brunt pluss litt raudt.. (8 ruter til no.....)
kirsti

Rosa sa...

Kirsti: Så bra! Lukke til med heklinga - det er super-kjekt :)

Related Posts with Thumbnails