fredag 2. oktober 2009

Brassed off

Denne veka har det neimen ikkje vorte mykje blogging i Rosaheimen! Eg har knapt vore innom ein einaste blogg, og endå mindre hatt overskot til å snurre tankane rundt eit innlegg sjølv. Mykje av "skulda" har eit tilsvarande, nesten like blankt, messinginstrument som du ser under - ein kornett. Seminar sist helg, øving og konsert denne veka. Imellom dette skal ei sjølvsagt prøve å ta seg av hus og heim og ungar. Det er ikkje ein klage, for det er kjekt å spela, kjekt å sjå at det hjelper å øva!


Og når me er ferdige med kveldens konsert og Brasspub på Haukås, då roar ting seg for ei stund. I mellomtida må du ha ei retteleg god helg!

4 kommentarer:

Annika sa...

God helg til dokke også, og lukke til med både konsert og Brasspub!

Det er når eg les slikt, eg merkar eg saknar litt å spele (spelte baryton i mange år), men samtidig blir mint på at eg sikkert ikkje har tid no heller ;)

tanja sa...

eg kjenner eg vert litt trøtt berre eg tenkjer på kor mykje dåkke styra med!

Anonym sa...

Ja, eg er no jammen glad for den hobby sysselen, sjølv om den tek mykje tid - innimellom ;)
Kjekt i går og fint spelte du :)
God helg !
-H.

rod i hob sa...

Tommelen opp for oppussinga di på bloggen (Sjølv om eg likte den gamle headeren endå bedre..)

Håpa du har hatt ei fin helg -å at du kjem tilbake til bloggverden når du atter har tid ;-)

Eg er litt til og frå... Å syns at det er heilt greitt akkurat nå!!

God natt frå meg!

Related Posts with Thumbnails