søndag 18. oktober 2009

Blogg-oppussing, del 2

For ei tid sidan begynte eg å leike meg med å lage eigen blogg-bakgrunn i photoshop. Eg vart ikkje heilt nøgd, sidan bakgrunnen ikkje endrar størrelse ilag med vindauget på nettlesaren, men har foreløpig ikkje funne løysinga på det. Headingen vart eit solnedgangsbilete teke frå kjøkkenet mitt tidlegare i haust, sidan tida til totalt unyttig leiking med blogg-ting tok slutt. Eg kan vel ikkje akurat sei at eg har fått meir tid, men no i helga såg eg meg lei på solnedgangen, endå så fin den kan vere. Ikveld gjorde eg ferdig den nye headingen, og slik skal bloggen få vere, iallefall for ei stund!

Som eg skreiv i eit innlegg tidlegare (om å gle seg), så skal eg denne veka ta fatt på litt utvida reiseverksemd. Imorgon kveld tek eg nattoget austover for to dagar med jobbrelatert kursing og inspirasjon. Sidan eg altså har sovekupè begge vegar, og har to hektiske dagar å sjå fram mot, veit eg faktisk ikkje om eg skal ha min høgt elska laptop med meg ein gong!!

Det kjem til å verte to hektiske men kjekke veker framover, så eg vil nok tru at tida i bloggverda vert begrensa, men om togturen vert langdryg og Jon Blund står att på togstasjonen, så har eg jo alltids mobilen ;)

So long, bloggvener!

8 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Du verden. For en nydelig heading. Syntes bloggen var fin før, men nå er den virkelig helt samsvarende. Rett og slett til å bare nyte.

Blir nok ikke laptop med meg heller. Ser at det kunne vært praktisk, men jeg gidder ikke styre med det. Får pruke pen og papir om nødvendig...

Nå må bilen en tur til bildoktoren og så kommer jeg nok innom kontoret en liten tur. Alltid noe som skal brettes og skjæres, eller et brev som må sendes. Særlig det siste er visst litt om å gjøre....

Trollkåno sa...

Å, so flott heading du har laga......God tur!

Patina-H sa...

Flott bakgrunn :) Ønsker deg ein fin tur austover :)

rod i hob sa...

Kjempefint det hadde blitt her inne :-)

Sku ønska eg hadde kreativiteten te å laga nytt hos meg.. Men neidå! Syns at 3 spalta er veldig fint :-)

God tur til Oslo -kos deg!!

ingridmarie sa...

For ein vakker heading (finnes det eigentleg eit godt nynorskord for det?) og herlige jenter du/de har! Likte bakgrunnen din godt- polkadots er ein favoritt her også :) Håpar du får kreative og gode dagar på kurs! Sit her med sjuk velsebror & hektiske jobbdagar.Puh. Men tok meg tid til ein tur innom Lindex på veg til barnehagen og tidleg henting, kom heim med nydelege julakler til liten og stor :)

Ingrid sa...

så fint du har fått det . Skikkeleg flott vart det.

KRISTIN sa...

Kjempefint! Virkelig harmoni! God tur østover. Håper du får med deg Jon Blund inn i kupeen.

Ha en fin kveld!

Gamleheksa sa...

Nydelig heading!!!!!
Noen dager siden du skrev, ser jeg, så du er kanskje hjemme igjen. Men jeg kan jo ønske dere et koselig familieselskap til helga :)

Related Posts with Thumbnails