laurdag 3. oktober 2009

- - - 29 - - -

Dagens tal i Rosaheimen er 29.

Det er 29 år sidan eg kom til verda, som nr 3 i syskenflokken. Eg er framleis den einaste jenta (av 4). Det vert sagt at om ein har vore snill i året som har gått, så vert det fint vèr på bursdagen din. Vel, slik det ser ut utanfor vindauga treng eg ikkje forvente glorie med det fyrste ;)


Enten det stemmer eller ikkje, så har eg iallefall bede foreldre og svigerforeldre på middag i ettermiddag. Det kunne sjølvsagt vore nok med kaffi og ei kake eller to, men eg tenkte på den gode lammesteika i frysen, og fann ut det var på tide å få brukt den. Det er ikkje så ofte me har dei på middag slik, men no var det ei fin anledning. Dei skal til og med få noko søtt attåt kaffien. Overskotsmateriale frå dette søte har eg akurat tørka frå kakefat, kjøkkendisk, fingrar og ansikt til mine to håpefulle, men eg håpar det smakar betre enn det ser ut ;)

Eg vart vekt i høveleg tid av to små som song "Happy birthday" av full hals, og fekk deretter sjølvlaga bursdagsgåve frå storesyster. Ikkje mykje som rører meir ved eit bursdagsmammahjarta! Stadig pip det i min RÅSA mobil, med helsingar frå slekt og vener, og det er kjekt! Kjekt å bli hugsa på, kjekt at dei tek seg tid til å sende meg ein tanke! No har eg og jentene mine ete brunch med nysteikte rundstykker, egg og nytrakta kaffi. Sistnevnte berre til mor, før ho set igang med diverse førebuingar til sundagsmiddagen ;) Rosamannen er ute på vift, men skal nok få gjere litt nytte for seg han òg, når han kjem heimatt litt utpå dagen.

Og ja - biletet er sjølvsagt av meg. (har tatt bilde av bildet, så kvaliteten er crappy) Og det er sjølvsagt ikkje meg som nyfødd, men på dåpsdagen litt lenger utpå hausten. (no ser eg òg at det kanskje ikkje var så rart om begge mine små hadde mykje hår som nyfødde.... )

Ynskjer deg ein strålande sundag, du som fèr forbi!

10 kommentarer:

Elisabeth Antonette sa...

Gratulerer med dagen!

Herlig med noe søtt til kaffen, uansett om det ser fint ut eller ei. :o)

Annika sa...

Gratulerer så mykje med dagen! Håper den blir strålande! Helga her har iallfall vore fin, med bursdagsfeiring både fredag og laurdag, men i dag vert det berre avslapping.

Ja, frå tid til anna får eg lyst å starte i korpset igjen, men eg veit at det må prioriterast då, og med kveld- og helgejobbing frå tid til anna, hest som treng stell og politikk, har det endå ikkje blitt prioritert... Men kanskje, ein vakker dag :)

Ingrid sa...

gatulerer med dagen !!!
Tvilar på om det med veiret stemmer for eg hadde heller ikkje fint veir på min bursdag:)

Noralill sa...

Gratulera så masse med dagen!! Høyres ut som du får ei koseleg feiring.

Ha ein kjempefin bursdag!

Henriette sa...

Gratulerer med dagen!!!!! Håpar du kosar deg , og nyyyt dagen:) Trur at vestlendingar må vera eit skikkeleg dårleg folkeferd, om veret på bursdagen skal ha noko med korleis ein har oppført seg i det foregåande året å gjere;)

Ha ein flott kveld.
Klemmmmmm:)

KRISTIN sa...

Gratulerer masse med dagen! Fantastisk måte å verta vekt på!! Håpar middagsbesøket blei koselig, og at det søte attåt kaffien fekk bein å gå på!!

Fortsatt fin kveld til alle i Rosaheimen!!

igi sa...

Gratulerer med dagen! Kos deg i kveld!

Trollkåno sa...

Tusen takk for middagen og den gode kako...!!!!!

Heidi sa...

Gratulerer med overstått! Nå er du akkurat så gammel som jeg har vært de siste 4 årene;)

Glad jeg kom over bloggen din, her var det koselig. Titter innom igjen snart:) Heidi

Hanne sa...

Gratulerer med overstått. Så søtt bilde av deg på dåpsdagen. Akkurat maken dåpskjole er yngstejenta vår døpt i, i 1996. Den ble heklet av hennes oldemor i 1980.
Ønsker deg ei super uke!
Pludrehanneklem

Related Posts with Thumbnails