måndag 7. september 2009

Tapet - eit lite kupp!

Innimellom korpsøvingar, korøvingar, møter og dartkveldar - for å nevne noko av det som skjer etter at dei søte små har funne køyene sine i rosaheimen - så prøver eg og min kjære handyman å pusse opp litt i det gamle huset vårt. Det går ikkje fort, men når eg seier at rommet me no held på med kanskje vert ferdigt til jul, då syns rosamannen eg er vel pessimistisk. Difor håpar eg no at rommet vert ferdigt iløpet av hausten. Sjølve rommet og formålet med det vil eg ikkje visa endå, men her skal du få sjå den utruleg fine tapeten som dekorerte alle dei fire veggane!



Eg kunne så inderleg gjerne tenkt meg å behalde tapeten, for eg syns den var så fin. Men, med skadar etter gamle vasslekasjar, og behov for å gjera noko med både golv og tak, så rauk veggane òg. Eg har vore på jakt etter ein tapet som kunne matche den me tok ned, men eg har kun funne ein einaste tapet eg likte, og den var hjå Laura Ashley. Som kanskje fleire veit leverer dei kun i Storbritannia, og då vart det litt vanskeleg.

Idag har eg likevel kjøpt tapet. Faktisk hjå vår lokale forhandlar, fann eg ein rest av eit vakkert rosemønstra tapet. Mønsteret er mykje mindre enn på den tapeten me tok ned, men det er likevel fint, syns eg. Rommet det skal brukast i er òg lite, så det passar nok eigentleg bra.

Og veit du kva som var fint? No var det endeleg på tilbod - 50% salg! Dermed fekk eg to rullar tapet til 365 kr. Ikkje gale, syns eg :) Då står det berre att å sjå kor fort tapeten kjem på veggen...
(begge bileta er desverre ganske dårlege - det fyrste teke med den gamle mobilen min, det andre faktisk med speilrefleksen, men i dårleg lys.)
God måndagskveld, og ei god septemberveke i vente!

4 kommentarer:

Annika sa...

Det er litt "godt" å høre at oppussing går tregt med fleire. Vi held fortsatt på med gangen - eller vi - det er vel meir rett å seie sambo;)

Tapeten var nydleg, både den gamle og den nye - men eg berre tenker med skrekk og gru på å tapetesere med mønster eg. Her er iallfall huset så skeivt at tapet i seg sjølv er ei stor utfordring, så vi går for tapet utan mønster som skal klaffe i skøytane!

Ja, Sandsli blei litt vel usentralt. I sommar bodde vi på Hotel Norge, og det var noko heilt anna! Satsar på at neste gong blir meir sentralt, og at vi får til kaffikoppen ja! Eg er klar!

Ha ei fortsatt god veke:)
Klem!

igi sa...

Nydelig tapet! Gleder meg til å se rommet ferdig.

Går tregt med oss også om dagen. Uka fyker av gårde som en vind, fylt med ulike aktiviteter og møter. Når helga kommer er det deilig å ta det med ro. Men lysta og tiden til å gjøre noe bør komme snart - det er ikke lenge til jul;-) Ha en fin dag!

Ingrid sa...

ja den var fin tapeten på veggane men den er no minst like fin den du har kjøpt.Må innrømme at eg er litt nysjerrig på kva rom du drive å pussar opp.

Pia sa...

Veldig søt tapet du har kjøpt!

Related Posts with Thumbnails