onsdag 9. september 2009

Sommar

For to månadar sidan, 9. juli, hadde eg siste arbeidsdag før årets sommarferie. Me hadde hatt varmt og fint vèr i vekesvis, og gleda oss til gode feriedagar. Dei tre fyrste dagane var herlege, og me reiste på fleire badeturar til meir eller mindre lokale strender.

Bileta her er tekne ved Vangsvatnet, der me hadde ein nydeleg dag. Søndagen - dagen før ferien eigentleg byrja - skya det til. Sidan den tid kan me telja på ei, eller under sterk tvil to, hender - dei dagane det ikkje har regna.


Me snakkar to månader bortimot samanhengande regn. Ein kan vel trygt sei at me snart myglar?


Tidlegare denne veka stod det på yr.no at det skulle vere sol frå laurdag og heilt til neste torsdag, utan ei sky eller ein einaste dråpe regn. No har dei feiga ut, men eg håpar at me kan få eit par fine dagar iallefall! I mellomtida kan me sjå på bilder som beviser at me trass alt har kjent smaken av sommarvarme dette året òg...


God onsdagskveld, 09.09.09! (kjekk fødselsdato, for dei som har komme til verda på denne dagen ;) )

6 kommentarer:

ingridmarie sa...

Nyydeleg sommarbilder av herlege ungar i finver! Akk ja, dette regnet er vi godt lei no.. Kliss våte ungar å hente i barnehagen kvar einaste dag, skulle nesten tru at dei dusja dei med kleda på-tre våte innebukser, m sokkar og fire par våte sko henta eg i tillegg til ungar i hagen i dag.. :) Neida, når ein hoppe i sølepyttane so vert ein jo våt. (Men dette dyre regntøyet som skulle vere vanntett har eg mista trua på ja.) No er ungane bada og tørka og putta i seng:) Kvilestund til mor i huset-far er på trening. Hm. burde eigentleg vore meg det. Men fredag startar det opp med symjetrening og i morgon er det yoga for damene-mon tru om eg tør hiva meg på ? Ynskjer deg ei god veke vidare-med von om tørrare tider i vente :)

Velkommen til min kreative verden sa...

Flotte bilder. Så fin effekt med sort/hvitt og et innslag med farger.

Anne sa...

Så herlige sommerbilder av barna dine:) Så stilig med effektene du har brukt! God helg, håper det blir litt oppholdsvær:)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å ja! Jag hoppas verkligen att vi kan få uppleva många fina dagar. Lite sol och INGET regn skulle vara härligt.

Så fina bilder du visar.

Hoppas helgen blir fin! Och att regnet håller sig långt borta.

Gamleheksa sa...

Så godt å bli påmint at vi har hatt sommer, såvidt. Det har nesten gått i glemmeboka.

Det er ei tid siden jeg var innom deg sist, så jeg tok en liten titt nedover i bloggen. Flott tapet, blir spennende det.

De heklenålene dine var gigantiske ja, men noen er sikkert fine å bruke når to små prinsesser skal gjøre sine første forsøk på håndarbeidsfronten.

Linda sa...

hahaha må nevnast at Hedvig har den kulaste badedrakta nokongong!!!

Related Posts with Thumbnails