søndag 13. september 2009

Sol-søndag!

Det er september, det er sol og det er søndag. Ein dag med gråt og tenners gnissel, men òg fyllt med kjekke opplevingar og stunder.

Gråten kom ikkje av noko meir alvorlegt enn at Rosamannen vart levert på Oslo-ekspressen i formiddag, for ei ny studieveke på Kongsberg. Storesyster var så uendeleg trist idet toget rulla ut frå perrongen at tilogmed dei ukjende medpassasjerane til mannen vart bevega av ansiktsuttrykket. Vetlesyster skjøna ikkje så mykje av det, men når storesyster er trist, ja då får ho full sympati. Dermed var det to hylande jenter tok med meg til bilen.


På heimveg bestemte eg at me måtte finna på noko anna enn å gå heime og stange i godvèret. Dermed fann me fram regnbukser og støvlar - trass sola frå blå himmel - smurde ei lita niste og la turen opp i skogen berre eit lite stykke frå huset vårt. Her gjekk eg på oppdagingsferd i min eigen barndom, på jakt etter rev og bjørn, eller i den tru at eg var indianar.


Vegen er både bratt og ulendt, men storesyster haldt motet og farten oppe. Vetlesyster var ikkje fullt så ivrig, og måtte berast mykje av vegen. Når eg innimellom prøvde å få ho til å gå litt sjølv enda det kvar gong med at ho sette seg rett ned i protest. Då var storesyster god å ha som oppmuntrar!

Ein ser haustteikn i skogen no, sjølv om den grøne fargen framleis dominerer biletet. Skjegget på denne greina har antakeleg vore der mange haustar..

Oppe i det me kalla Eikjehjedlen fann me oss ei tue der det gjekk an å sitta og eta litt. Jentene plukka litt bær, fann fine formasjonar som kunne vere både stol og kongetrone, og me koste oss med solstrålane som fann vegen ned mellom trea.

I tillegg til denne turen har sundagen bestått av kyrkjebesøk med konfirmantpresentasjon. Eldste nevøen min er konfirmant til våren, og det er nesten så eg føler meg gammal når eg ser på desse unge ungdomane, og tenkjer tilbake på kor vaksen eg følte meg i samme situasjon..


Avslutta med middag hjå foreldra mine, og ein frisk trimtur i skymingstimen, så kan eg ikkje anna enn å sei meg særs nøgd med søndagen - sjølv utan Rosamannen ved mi side.


Imorgon kjem ei ny veke med nye moglegheiter, og ein av dei er å vere tålmodig åleinemamma for jentene mine dei neste 5 dagar. Skal eg klare det bør eg nok finna vegen under dyna no, så turen innom alle dei kjekke bloggane får venta til imorgon kveld.
Takk for at du stakk innom, og god veke til deg!

5 kommentarer:

Annika sa...

Det var jo kjekt at dokke iallfall fekk litt godver, jf det forrige innlegget ditt.

Mange herlige haustbilder her - eg fekk lyst på skogstur sjølv, til tross for at det er bekmørkt ute, så det lyt nok vente.

God veke til dokke også!

igi sa...

Ser ut som om dere har hatt en flott søndag. Fine bilder! Håper du får en fin uke som alenemor.

Henriette sa...

Kjekt medsøndagstur. Ungane og eg var saman med ei vennine og hennar dotter på fjelltur i går. Kjempedeileg:)

Her i heimen reiser husbonden til Amsterdam i kveld, så eg vert åleinemor til laurdag. Me vår psyke oss opp, så går det nok bra;)

Ha ei flott veke.
Klem:0)

rod i hob sa...

Så nydelig innlegg! Fine bilder og søt historie, ser for meg dei to jentene som grine på perrongen :-( Flink du e som finne på noke med dei i steden for å grina i lag med dei! E nok nogen som hadde jort DET og!

"Brukt-Liso" (Lises Krambu) Finne du i Uskedalen. Midt mellom Rosendal og Husnes....! Meget spesiell dama og en rotete, spennande butikk med blanding av ALT!!

Kos deg med jentene i veka :-)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så fina bilder. Härligt med en tur i skogen.

Hoppas det går bra för dig och tjejerna nu dessa dagar!

Related Posts with Thumbnails