tysdag 22. september 2009

mus i kommoden...

....det hadde me jo sist vinter. Ei kresen mus var det rett nok, som kun gnog hòl på den nye julekjolen og den heimelaga tovakjolen til storesøster. Sistnemnde fiksa sjølvsagt den nevenyttige mora med å hekle ein ekstra blom som vart sydd over hòlet etter musa ;)

Men opphavet til alle dei hòlete strømpebuksene i Rosaheimen kan vel i bunn og grunn ikkje skuldast på ei stakkars lita mus. Eg har kjøpt tallause strømpebukser til Storesyster. I ull og bomull, tynne og tjukke. Og eg trur eg utan å overdrive kan sei at 70% av dei har enda opp med hòl i seg. Svigermor begynte å bøta flengene i dei gode prinsesse-stilongsane frå Janus ifjor vinter, men eg trur rett og slett ho gav opp (jaudå, det kan vel tenkjast ho skjønte teikninga når det alltid låg ein hòlete strømpis i kofferten kvar gong jentene var på besøk). Eg trur ikkje Storesyster er spesiellt klossete, men trass i høg prinsessefaktor er ho ikkje av den typen jente som leikar pent og forsiktig. Ho er ei aktiv lita snelle - med skjørt! Ifjor var det ein periode på fleire månader der det var umogleg å få på ho noko anna enn skjørt og kjolar. Og jau, eg kunne nok ha brukt fysisk makt og trua det på ho, men det heiter seg jo òg at ein skal velge sine kampar med omhu. Kampane om bukser og skjørt var ikkje SÅ viktige i den store samanhengen, så lenge jenta haldt seg varm!

men altså; ungar er ungar, og ungar dett og slår seg med ujavne mellomrom. Slik er det òg med storesyster. Det er sjølvsagt knea det går hardast utover, og når knea kun er dekka av eit tynt lag elastisk tøy...... då må det gå som det går. Ofte vert det faktisk hòl ved fyrste gongs bruk, og det syns mor er ein tanke frustrerande.

Dagen idag vart heilt anleis enn den skulle. Istadenfor å reise til Bergen og barneklinikken har eg og storesyster haldt oss i heimen. Eg med omtrent samme form som igår - ho med høg feber. Eg vèra faren igår ettermiddag då ho klaga over hovudverk og leddverk, men håpa i det lengste. Når febermålaren idag tidleg stoppa på 38,7 var det berre ein kort telefon til barneklinikken for å få bekrefta at me helst burde halde oss heime. Eit halvt års venting til inga nytte er litt surt, men eg håpar me slepp å vente like lenge på ny time! Ein av tinga eg fekk gjort idag medan eg sat her som sjukepassar, var å bøte strømpebukser. (Tenk å skrive så mykje for å få sagt så lite!) Dei vert ikkje til fest-bruk, men duger iallefall i barnehagen når prinsessa ikkje vil sjå ei bukse i mils omkrets :)

Ikveld når paracet'en gjekk ut av den vesle kroppen steig feberen til 40,5. Det likar me ikkje, men sidan den gjekk ned igjen eindel med ny dose paracet har me foreløpig ikkje oppretta kontakt med legevakt eller andre helseinstansar. Me kjem nok til å måle igjen når me sjølve går til ro, for å halde kontroll på tilstanden. Og imorgon vert ein ny roleg dag på sofaen for frøken tufs og fru snufs. Det passar sjølvsagt ikkje, sidan me alle skulle vore med på bru-opning i ein avsidesliggande fjelldal i nabobygda, men kortid passar det eigentleg å vere sjuk eller ha sjuke ungar? Nokon av oss lyt stille som avtalt, men frøken tufs får nok halde seg innomhus, og då helst med ein vaksen tilstades ;)


9 kommentarer:

Henriette sa...

Stakar dåke. Ikkje godt å vera tufs, og det er i alle fall ikkje kjekt når gullungane vert sjuke. Håpar de begge er betre i morgon.
God bedring.

KLem:0)

ingridmarie sa...

Uffda-so fælt når dei små er sjuke- ikkje godt å veta kva det kjem av, kan jo vere heilt uskuldig, eller noko ein treng legetilsyn/antibiotika for.. I desse influensatider kjem ein jo omtrent ikkje til hjå lege viss ein har feber eingong.. Håpar de får ei god natt med lettare feber, og at vesla er raskt på beina igjen, i nystoppa strømper :)

Flink du e Rosa, her i huset ligg det på skuffevis med strømper og strømpebukser som visst aldrer vert stoppa. Men no vart eg no inspirert til å gå fatt! Må berre henta inn og vaska utav det nye skapet eg har kjøpt meg først, og la det tørke opp-det står under terrassen, og ventar på maling, men no regnar det sidelengs her. Varm helsing frå IngridMarie

ingridmarie sa...

Ja, og god bedring til ho mor sjølv i huset!

Liv Elin sa...

Uffda - ikke kjekt å være syk ....hverken for liten eller stor ! Håper dere får lov å bli friske nå snart !

Så nydelig teppet ble - for et arbeide dette må ha vært ! Jeg er mektig inponert over alle dere flinke hekle-strikke damer !!

Takk for koselig hilsen i forrige innlegg - kjekt å "se" deg igjen !:)

hilsen i natten fra Liv Elin

KRISTIN sa...

ÅÅÅÅ, uff altså! Lille jenta - håper ho kjem seg raskt. Du får ha ein god dag, og trøyste deg med at du fekk bøta ein del strømpebukser mitt i all sjukdomen!!

Anita Kristin sa...

Ikkje godt å vere sjuk, verken for stor eller liten, og nei, det passar seg sjeldan.

Kjenner godt til skjørtetyraniet. Det råder her i heimen òg, har vart i snart to år, til mor i huset si store fortviling. Men heldighvis godtek frøkna å ha bukse under kjolen eller skjørtet når ho skal til eller frå barnehagen, eller ut.

Men god bedring til dykk begge.

rod i hob sa...

Heia!
Tusen takk for gratulasjonar og andre helsingar :-)
Koss e det med formen i familien? Håpa at dåkke har blitt friske, eller iallefall godt på bedringens veg!!

Så flott lappeteppe du har laga!! MANGE timars arbeid der! Hørtes fantastisk deilig ut med fleece teppe på baksida. Eg ELSKE å kosa meg under teppe på sure haustkvelda!!!

Ha en fin ettemiddag og kveld!!

Annika sa...

Huff, håper forma er bedre for begge to i dag.

Takk for gratulasjon:) Bryllaupsdato er ikkje bestemt nei, vi tek det på sikt - når det passar slik:)

Fortsatt god bedring!

Ruths datter sa...

Kjempeflott teppe. Studerte det nøye. Nydelige farger. jeg hekler mye selv.
God bedring til alle

Related Posts with Thumbnails