tysdag 15. september 2009

165 lappar

Ein gong i vår (eller var det vinter?) starta mor mi eit prosjekt som skulle bli lappeteppe av oldemorsruter. Eg fall heilt for både fargar og mønster, og tvinga ho straks til å lære meg å hekle slike lappar. Sparkjøp hadde nokonlunde billig tråd, med sitt ullgarn Rubin i dei fargane eg ville ha: Offwhite, beige, og eit par forskjellige nyansar av ROSA.


Og sidan har eg hatt hekletøyet med meg omtrent kvar ledige stund; I bilen (når Rosamannen har vore sjåfør, vel og merke), på toget, og ikkje minst - framfor PC'en i tallause kveldsstunder når eg og min kjære finn roen med ein film eller serie etter lange dagar.


I byrjinga tok det meg litt meir enn ein episode av JAG å hekle ein einaste lapp - altså 45 minutt. På slutten rakk eg fint å begynne på lapp nr 2 pr episode, så ein viss progresjon i hastigheit har det vore

Eg er satt saman på den måten at det må vere ein viss symmetri over det eg gjer, så ein gong i sommar la eg ut det eg hadde av lappar og planla eit mønster i galskapen. Skreiv opp kor mange lappar eg trong av kvar sort eg hadde laga, og korleis dei skulle setjast saman. Eg ville ha det lyst, så den mørkaste rosafargen fekk berre vere med i nokre få lappar for å bryte opp litt.

165 lappar vart det til slutt i teppet - 11 i breidda og 15 i lengda. Eg har montert dei ved å hekle dei saman kant mot kant, og på baksida kan ein sjå dei diagonale "løpegangane" som held det heile ihop. For eit par kveldar sidan var verket fullført! Det er varmt, og ein smule tungt. Eg har kjøpt eit fleecepledd på Kid som eg har lyst å montere på baksida for å skjule "saumane", men foreløpig veit eg ikkje heilt korleis sjølve monteringa skal skje. Inntil vidare heng det fint på stolen, og eg gler meg til å ta det i bruk på kjølige haust- og vinterkveldar!
Heilt til slutt ikveld må eg berre vise den vakre solnedgangen me hadde igår kveld, utsikta er frå kjøkkenglaset mitt, og eg ville ikkje ha bytta den med nokon!


God kveld!

17 kommentarer:

Nikoline sa...

Teppet vart kjempeflott og lekkert! Litt av ein jobb berre monteringa i det der... stooort!
Og inga anna årstid enn hausten har den himmelfargen me hadde i gårkveld ! Vakkert!

Trollkåno sa...

Gratulera med ferdig teppe!!!
Det er meir enn du kan sei om mitt.....ikkje halvferdig ein gong......
Flott solnedgang!!!

Anonym sa...

Dette teppet var utrolig flott..
Nå Må jeg på spar-kjøp for å finne garn.Det ble vel noen nøster dete her!!
Kirsti

KRISTIN sa...

Så flott teppe!! Syns sånne lappar er så fine. Fikk ei ABC-bok i hekling til jul, men trenger nok litt hjelp for det, Svigermor er rå med heklenåla, så ho får lære meg. Begynner nok med et til guttungen.

Takk for inspirasjon!!

Janne sa...

Mektig imponert, en ting er å helke lappene en annen å sy de sammen - men det har altså du fått til...
Teppe ble ordentlig flott, har noen lapper jeg også som skulle vært sydd sammen - tar du oppdraget???
Klem

Anonym sa...

Hei!
Kjempefint teppe.Litt imponert over at du har brukt ullgarn!Har du noen erfaring med kvaliteten på garnet?Går det greit å hekle? Vil det ikke dele seg?Hvor stort ble det til slutt, i cm.Huff dette hørtes ut sdom bare mas, men jeg har veldig lyst å lage et teppe jeg og!
Tina.

Anne sa...

Så flott teppe du har heklet! Og alle de lappene!! Fargene passet så godt sammen:) Ett slikt teppe hadde jo passet fint som sengeteppe også!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Å så fint det blev! Härliga färger. Och 165 lappar - det är duktigt gjort.

Dessutom duktigt gjort att bli färdig, själv sitter jag og heklar på mitt och det går inte fort...

Ha en riktigt fin dag!

Anita Kristin sa...

For eit utrolig flott teppe du har laga. Likar fargane, rosa kan også vere fint. No fekk eg litt inspirasjon til å fortsette på mitt.

Ha ei fortsatt fin veke.

Anita Kristin

Annika sa...

For eit flott teppe!! Det blir nok varmt og godt til haustkveldane! Og ein nydleg solnedgong. Slike er eg svak for;)

Ha ein fin onsdag:)

Ingrid sa...

Dette kan du vere skikkeleg stolt av .Det var FLOTT og så stort !!

igi sa...

Nydelig teppe! lekre farger! Du har virkelig vært tålmodig som har heklet et så stort teppe. Ha en fin kveld!

Rosa sa...

Hei Tina,
berre kjekt at du spør!

Syns det gjekk greit å hekle med ullgarn, litt vanskelig i starten, akurat med at det delte seg/tvinna seg opp. Eg fann ut at det var fordi eg hekla og haldt tråden for stramt. Etterkvart som eg vart litt meir vant klarte eg å slappe meir av, og då la tråden seg heilt fint.
No har eg målt teppet, og det er ca 125x165. tanken var faktisk at det skulle vere 180 cm lang, men no får det berre vere ;)

Og Kirsti: Ja, det blei mange nøste, eg anar igrunn ikkje kor mange, for eg måtte tilbake på SparKjøp ganske mange gongar og etterfylle, spesiellt av kvit, beige og den lyse rosafargen :)

Villmarkstausa sa...

Nydelig teppe dette her;-)

Henriette sa...

No må eg berre få sagt at eg er UTRULEG imponert!!!(og aldri så lite deprimert....laaaaaaangt att til eg nermar meg ferdig med mitt teppe;)Tepper vart kjempeflott. Gratulerar:)

Håpar de kosar dykk i heimen, sjølv om husbonden er vekke. Her har me nedtelling kvar kveld;)

Ha ein flott kveld.
Klem:0)

Anita fra hjerterommet sa...

Så flott teppe ble, nydelig i sarte rosa toner :)

Monicas sa...

hjertelig tillykke med et flott teppe.....æ ælska sånne teppa...må vel bærre få laga ett..ha ei god helg

Related Posts with Thumbnails