torsdag 20. august 2009

Smijern

Denne veka var Rosafamilien på ekspedisjon til ein miljøstasjon i nærleiken. I eit pågåande oppussingsprojsekt hadde me fyllt diverse rivningsmaterialar oppi ein tilhengar, og no var det på tide å få levert sakene på rett stad.

Når huntonitt, betong, tapet og eit herleg mørkegrønt vegg-til-vegg teppe hadde funne si endelege kvile, akurat idet eg skulle henta bak-luka til hengaren - då såg eg dei. To kvite stolar attmed containeren for metall. Dei hadde faktisk ikkje funne vegen oppi, men stod der og liksom prøvde å komma vekk frå den sanne død i containerens mørke favntak. Eg sa til Rosamannen at me måtte ta dei med oss, men han meinte at det nok ikkje var lov. Sidan han likevel skulle snakke med den hyggjelege unge mannen som betjente miljøstasjonen ba eg han spørra om me kunne få ta med oss stolane. Om Rosamannen la litt ekstra betaling i potten, eller om mannen berre var veldig snill veit eg ikkje heilt, men svaret var iallefall ja. Hurra!

Dermed kunne min kjære buksere to kvitmalte smijernsstolar inn i bagasjerommet på bilen, medan mor sjølv sat i framsetet og gliste. No står stolane på trappa mi, og eg lurar veldig på om eg kanskje må spraymale det svarte vesle IKEA-bordet som òg bur der ute. Det kunne jo vere ein fin liten plass om ein berre skal trekke litt luft ein kveld.


Som nevnt: me held på med eit prosjekt, og det skal bli veldig bra når mor berre får slått seg laus med sparkel og maling. Trur faktisk eg skal få gjort litt av det imorgon, hvis eg sender jentene i barnehagen sjølv om eg skal vere heime. Det vart ellers ei særs travel veke hjå oss, og tida til å blogge sjølv eller stikke innom hjå andre har vore mangelvare. Eg håpar det ikkje skal fortsetje slik.








God helg i vente!
(ja, og så må eg minna om at det berre er 8 dagar til Balkanfest Evanger. Dit skal eg - kom du òg!!)

6 kommentarer:

Trollkåno sa...

Flotte stolar.....og ja, me gler oss veldig til Balkanfest, det vert ei helg av dei store i bygda.

igi sa...

så heldig du er som fant de fine stolene! utrolig hva flok kaster...

premien er endelig sendt over fjellet, regner med at det ikke tar for langt tid før den er i din postkasse! Ha en fin helg!

Rønnaug S. sa...

I alle dagar, no har du vore på rette plassen til rette tida enno ein gong. Dei stolane var skikkeleg fine! Og dei ser jo ikkje ut til å vere utslitte på noko vis.

Vonar du har kost deg med sparkel og maling og begynner å sjå ein ende på prosjektet.

Vi feirar at slåtten er over og dagane fell i vante former. Det siste skjer visst med både brask og bram og alle stupar i seng så trøtte som berre det.

God helg :)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Hej Rosa!

Nä, i helgen ska jag inte regna bort, för i helgen lämnar vi Bergen för en vecka i Hellas och sedan en vecka i Sverige. Sol och värme!!! Och inget regn! :-)

Så fina stolar. Gjutjärnsstolar är verkligen bara så fina, mönstret är underbart.

Hoppas du får en riktigt fin helg!

Ingrid sa...

Der var du jammen heldig.Tenk at folk kastar sånne flotte stolar.I fjor haust hadde dei sånne til halv pris på plantasjen men eg somla meg ikkje til å kjøpe dei . Det har eg angra på.Sånne stolar er dei einaste som kan stå ute her uten at vinden fer med dei.

Gamleheksa sa...

Går det virkelig ann å kaste sånne stoler???? Så flott at de har fått seg et godt hjem.
God helg.

Related Posts with Thumbnails