tysdag 1. september 2009

Så var festen over..

Plutseleg var helga slutt, og dei energiske Balkan-tonane har forstumma i den vesle bygda. Men dei sitt friskt i minnet - og i beina. Det vart nemleg mange timar med dansing laurdags kveld og natt, til Marko Markovitch og DJ Prinsen Paulista. Og det var etter at Farmers Market hadde gjort sitt på scena - ein etappe som stod til gull!

Det vart ei særdeles fuktig helg, der vèrgudane på ingen måte var velvillige. Utruleg mange kvadrat med telt vart sett opp men me måtte likevel heim og skifte sko laurdag ettermiddag, etter å ha labba rundt i alt det våte i nokre timar. Ungane hadde storkost seg med konsertar og loppesirkus, og var alt anna enn fornøyde med å reise frå mor og far. Heldigvis kom det seg då dei hadde vore og handla laurdagsgodt på vegen til snille besteforeldre!

Bileta under kjem ikkje i rett rekkefylgje, men er nokre frå glimt frå kva som har skjedd i helga. Vil du sjå meir kan du ta turen innom heimesida til Balkanfest Evanger. No skal eg ta meg ein sterkt etterlengta tur inn i bloggverda. Det har berre vorte mobilblogging på meg den siste veka, og eg føler meg heilt på sida av dette universet. Takk til dei som likevel har sett innom meg og lagt igjen ei helsing!

God septemberkveld!









(om du klikkar på det siste biletet her og forstørrar det ser du at det er speilbilde av kyrkjerommet, sett gjennom nederste del av ei lysekrune. Litt kult, syns eg :) )

5 kommentarer:

ingridmarie sa...

Ser at de har hatt ei flott helg med masse flott musikk-og god mat :) Likte spesielt godt bildet frå kyrkje, der alle speiler seg i lysekruna! Slike "bokmerke"med religiøse motiv-lys du viser på bloggen har eg kjøpt meg på Tante Bruun i Ålesund, dei er nydelege! Her i Bergensutkanten nyt vi eigentleg at det går mot haust og tenner masse lys og kosar oss inne om kvelden. Ps.Håpar at desse rasa på E16 ikke råkar dåke på nokon måte-veit ikkje heilt kor det er i forhold til der du bur. Varm helsing

Rønnaug S. sa...

Kjempekult bilde i kula. Du er god til å se sånne motiv. I dag har jeg kost meg heime med baking og rydding av pulten. Diverse prosjekter står i kø oppe i hue, på tide noen kommer seg ut...
Men nå skal jeg lage middag og så blir det jobbing i kveld. Snakkes :)

igi sa...

Ser ut som om dere har hatt en fantastisk fin helg! Kos deg videre med hverdagene.

Annika sa...

Ser ut som de har hatt ei super helg ja!

Dagane på konferanse forsvinn fort egentlig. I morgon er det program frå morgon til kveld, og fredag blir det å helse på eit par kompisar før flyet mitt går heim, men eg må definitivt tilbake til ein slik kjekk by, så kanskje det klaffar bedre ved eit seinare høve! Da skal eg seie i frå litt bedre;-) Og utan stamt program:-)
Tok heldigvis med paraply, så eg er berga!

Henriette sa...

Ser ut som om de har hatt det flott. Kjekt med slike "happenings".

No når mørkret senkar seg, kjenner eg at eg får meir trong til å "pusle" med litt utover kveldane. Skulle budd litt nermare, så kunne me gjordt alvor av ein scrappekveld;) Har tru på at det kunne vorte retteleg koseleg:0)

Ha ei flott helg.
Klem:0)

Related Posts with Thumbnails