søndag 16. august 2009

Prinsessebursdag

Som lova - endå eit bursdagsinnlegg frå rosaheimen. Det siste i rekkja for denne gong.

På fredag hadde nemleg storesyster bursdag. 5 år!

Og for den som måtte vere i tvil - ho er ei heilt ekte prinsesse! Då må sjølvsagt bursdagen stå i stil til jenta, og med 6 innbudne gjester låg det an til ei fin feiring på sjølve dagen. Eg og jentene hadde fri-fredagen vår, og heile dagen gjekk med til førebuingar. Det går nemleg ikkje så fort med rydding og baking når dei to jentene skal halde på med sitt, ha hjelp til stort og smått, og dessutan vere med på "kjøt og flesk" i førebuingane. Sjølv om vetlesyster nekta å ta kvilen sin, så gjekk det igrunn veldig fint, og spesiellt når storesyster viste seg frå si mest tålmodige side akurat denne dagen.

Gåver vart det sjølvsagt, og som du ser på eit av bileta - dei fall i smak! Det gjorde òg prinsessemuffinsane som eg og jubilanten hadde laga iløpet av dagen. Dei stod øverst på ynskjelista over selskapsmat, og når Toro (eller nokon i samme bransje) stiller med ferdig mix og pynt, då er det jo ikkje noko problem!

Selskapet gjekk veldig fint, og både prinsessa og hoffet var nøgde då festen var over. Vetlesyster var sjølvsagt òg med på moroa, for høvet med "kreppa" hår, så luftigt og fint som det aldri før har vore. For i motsetnad til storesyster sitt korketrekkar-hår er vetlesyster vanlegvis strykefri!

No er det (heldigvis?) eit heilt år til neste gong me skal feira bursdagar i ei veke til endes. Då er storesyster straks skulejente, og eit heilt nytt kapittel opnar seg....

God veke i vente, frå jentene i det rosa universet!













7 kommentarer:

Merethe Kristin sa...

Åååå så fint! kjempefine bilete òg :D

Frk. T sa...

Hei!: ) Så koselig blogg og bilder, herlige jenter! Og muffinsene så fristende ut, mm.. Takk for titten og god mandag til deg! Klem Frk T: )

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Det låter som det blev ett riktigt lyckat kalas. Vilka härliga bilder du visar! Och era cup-cakes ser väldigt goda ut!

Ha det fint!

"SmykkeglederRosa" sa...

Å, så fine jentene var. Og så flott med kreppa hår da:) Muffinsene såg herlige ut, mmm..
Gratulerer med overstått dag til eldstejenta! Yngstejenta her hadde også bursdag på fredag, men ho ble noen år eldre da.. nitten;) De går fort unna disse åra, ikke lenge siden vi hadde barneselskap synes jeg:)
Kos dere masse og ha en fin seinsommer ;) :)

Hanne sa...

For en koselig beretning! Gratulerer med overstått :-)

Janne sa...

Kjekt med prinsessebursdager:0)
Min lille prinsesse har alt feiret 3 ganger og enno blir det vel en gang til for nye barnehagevenner.
Flyturen gikk bra denne gangen for meg også, både den ene og andre veien. Takk for kioselig komentar på bloggen min, så kjekt når noen stikker innom av og til.

Klem

ana sa...

Så flotte bilder. Nydelige muffins må jeg si, utrolig kjekt med pyntetips til cupcakes;) Har funnet så mange blogger med ulike varianter og ingen like;) Kjempekjekt:)

Related Posts with Thumbnails