laurdag 22. august 2009

Premie i posten

For ei tid tilbake hadde Igi ein konkurranse som gjaldt bruk av nokre friske klesklyper ho hadde kjøpt. Eg heiv meg på, og var faktisk så heldig at eg vann! Ikkje fordi det var det beste tipset, men fordi Igi gjorde ei loddtrekking for å kåre to vinnarar.

I posten igår låg det dermed pakke til meg, og inni låg dette:


Eigenproduserte gryteklutar og ein kjempesøt kanin, saman med ei god såpe. Fint og kjekt og kosleg - det er 3 ting på ein gong, det :)

Tusen takk, Igi!

Idag har Rosafamilien vore på ein handletur, og henta inn 6 liter eggekvit maling. Rosamannen har hengt opp "overmalings-tapet" på litt skråtak, og kanskje kan mor male fyrste strøk allereie imorgon? De skal få sjå kva eg snakkar om når rommet står ferdig :)

I mellomtida kan eg vise eit par bileter av ein diger staude som står her etter tidlegare eigarar av huset. Den har store grøne blad med raudlege stilkar, og på seinsommaren kjem den med massevis av oransje blomar. Den friskar fint opp i bedet mitt, og er ynda for alskens insekt òg, ser det ut til

God laurdagskveld!










1 kommentar:

Kalimera's blogg sa...

Grattis me flott premie!
Kanskje du vil prøve vinnerlykken en eller fire ganger til?
Har 4 konkurranser på siden min, og du er hjertetelig velkommen til å delta.

Related Posts with Thumbnails