tysdag 4. august 2009

Mjøsmarkedshopping

Helga som gjekk var eg og rosamannen på tur utan ungar. Det var siste rest av ferie, og den la me til Mjøsmarkedet på Biri. Våre søte små fekk tilbringe helga hjå svigers, som nok ein gong stillte opp - tusen takk! Mine eigne foreldre var reiseselskapet vårt i år som ifjor, og me hadde det kjempekjekt!




Det er utruleg facinerande å gå runde etter runde på travbana og sjå alt det fine og rare som er der. Frå det vakraste porcelen til sundrusta bildelar - alt i skjønn forening. Sjølv om ein har gått løypa ein eller fleire gongar før, så oppdagar ein alltid noko nytt, og undrar seg over om ein har stoppa ved akurat denne seljaren før.



Ein annan kjekk "ting" denne dagen var møtet med Gamleheksa, som ikkje var verken gammal eller heksete. Den livlege praten med denne trivelege dama frå Toten gjorde at ein times kaffipause forsvann som dogg for sola. Faktisk gjorde den nevnte sola at Rosa var - ja akurat - rosa, i den halvdelen av ansiktet som fekk dei varme strålane på seg.



Eg tok med meg heim nokre fine ting, syns eg. Stolen og ein hjarteforma spegel skal storesyster få når det nye rommet hennar ein gong vert ferdig. Den rosa skåla og smykkekoppen skal nok bu på kjøkkenet. "Rings and things" stemmer ikkje heilt med det innhaldet eg hra tenkt - nemlig kritt til å skrive på kjøkkentavla. Eg leita eigentleg etter ein såpekopp, men då den ikkje dukka opp syns eg dette alternativet var godt.


Kista veit eg ikkje heilt kvar skal bu, og rosestoffet har ikkje funne sin endelege form, men eg skal nok prøve å sy noko av det.
Litt "snop" til jentene vart det òg, men dette får halde for no. Torsdag vert vetlesyster to år, og fredag feirer me både ho og storesyster sin 5 årsdag med familieselskap. Det vart bestemt litt i ein fart, så no lyt mor setje seg ned med blyant og papir og finne ut kva som skal bakast og ordnast dei næraste tre dagane.
God veke, og takk for helsingar til bryllupsdagen vår!

2 kommentarer:

Trollkåno sa...

Takk for turen!
Fine ting du fann......og me er klar for selskap!

Rønnaug S. sa...

Skal si du fant noe fint, ja. Ig kritt er vel absolutt 'ting' ;). Har en nesten lik på stølen - den er til plaster...

Lykke til med selskapet :)

Related Posts with Thumbnails