tysdag 11. august 2009

Ein liten epoke er over

Ifjor på denne tid var eg på veg inn i jobb igjen, etter eit års permisjon med vetlesyster. Ho hadde etter litt fram og tilbake fått plass hjå dagmamma som var vidgjeten for sitt gode lag med ungar. Hugsar du?? Om ikkje, kan du ta ein kikk her.

Heldigvis ordna alt seg til slutt, og vetlesyster fekk plass i barnehagen i nabobygda. Rett nok i motsatt retning av der eg jobbar, men likevel - det var ein trygg og god barnehageplass. Me visste at vetlesyster ville ha det godt, og då fekk det heller våge seg at mor måtte køyre 4 mil ekstra kvar dag for å hente og bringe.

Me har ikkje angra. Vetlesyster har verkeleg storkost seg i barnehagen! Dei snille damene (og faktisk eit par menn!) har teke seg så godt av henne, og verkeleg fått oss til å føle oss velkomne kvar einaste dag. Når den fyrste innkøyringsperioden var over var det heilt slutt med å vera trist når mor gjekk - det vart heller omvendt - ho ville ofte ikkje vera med heim!

Imorgon er det siste dag i denne barnehagen. Vetlesyster har fått plass i barnehagen som ligg 200 meter frå huset vårt, og der skal ho gå i eitt år saman med storesyster før denne tek til på skulen (tenk at eg har ei skulejente om berre eitt år!). Det vert litt trist å forlate gamle-barnehagen, men samtidig ei lette å sleppe å køyre fullt så mykje kvar einaste dag. Eg får ein time meir til rådigheit, og frå september aukar stillingsprosenten min - då treng eg den timen!

Som takk for eit fint år tok eg igår fram scrappesakene mine frå skuffene på arbeidsrommet. Der har dei låge godt gøymt sidan tidleg i vår eingong, og det var litt tiltak å komma i gang igjen. Scrapping er som så mykje anna eit spørsmål om trening, og formen er nok ikkje heilt på topp. Det vart enkelt, sidan papiret i seg sjølv var så livlegt. Men barnehagebildet av vetlesyster kjem fint til sin rett, og det er igrunn det viktigaste.

No håpar eg å få tid til ein bloggrunde hjå alle dei koslege damene som legg att kjekke kommentarar hjå meg - ha ein nydeleg augustkveld!

7 kommentarer:

Annika sa...

Huskar godt fjorårets episode, og det er kjekt å lese at det har vore eit kjekt år i barnehage for veslesyster. Men kan godt tenke meg det blir godt å sleppe så mykje ekstra køyring for mor.

Lukke til i ny barnehage for veslesyster:) Kortet var nydleg!

Trollkåno sa...

Vert nok godt med litt mindre køyring kvar dag....
Flott kort!!

tanja sa...

kjempefint kort, og jenta ho er så søt atte!

Hanne sa...

Så godt at alt har ordnet seg så fint. Jeg måtte gå tilbake og lese innlegget ditt fra august i fjor, og fikk helt vondt i hjertet på deres vegne. Huff. Godt da å være omgitt av trygge slektninger som stepper inn!
Lykke til i ny barnehage - med unger står milepælene i kø. Neste onsdag begynner vår eldste på VIDEREGÅENDE! (kan man være med på innkjøring der, tror du?)
:-)

Henriette sa...

SÅ nydeleg kortet vart!! Du er utruleg flink med scrapping! Kanskje du skulle holde kurs for snille bloggedamer som vil lera å scrappa;) Har utstyr - manglar MYJKE trening;)

Så god at det ordna seg med barnehageplass litt nærare. Ein time ekstra til rådighet kvar dag er ikkje å forakte, sjølv ho har hatt det topp der ho var:)

Ha ein fin dag.
Klem:0)

Huset i skogen sa...

Husker den episoden fra i fjor ja! Mye rart en skal komme ut for, men heldivis gikk det bra.
Kjekt å få plass til nærmere hjem, det blir vel godt både for liten og stor:)

Kortet var kjempefint!

Rønnaug S. sa...

Kjempefint kort. Du må nok snuse litt mer på scrappesakene. Og snuppa er jo bare nydelig!

Related Posts with Thumbnails