laurdag 8. august 2009

Bursdagsfeiring

Fyrst av alt - takk for alle kommentarar og helsingar i forrige innlegg! Det gledar sjølvsagt eit mammahjarta. Med to jubilantar i huset må me sjølvsagt feira skikkeleg. Eit felles familieselskap høyrer med, og når næraste familie tel over 20 personar, så vert det stor ståhei!



Igår var den store dagen, og me brukte den til førebuingar av ymse slag. Tradisjonen tru måtte nokon vera sjuk, og i år var det Vetlesyster som tok ansvar og starta dagen med 38,7 i feber. Dermed var ho montert fast i armane på mor eller (stortsett) far heile dagen.



Snille bestemødre stilte med kvar si kake ( nei, eg er visst ikkje husmor nok til å klare å syte for alle kakene sjølv endå) - svigermor si Verdens Beste var som alltid verdens beste, og mammo mi si prinsessekake vart svært godt motteken!



Det mangla ikkje på pakkar, og jentene fekk både harde og mjuke, små og store. Nokon av dei var heilt flate, og kan takast med på ein eller fleire butikkar og verte bytta inn i noko anna - det er òg kjekt!


Mi eiga favorittkake er Oreokaka. For meg som er tilnærma sjokoman er dette den ultimate kaka med sine mørke sjokoladekjeks og fleire lag av gode kremar. To tanter og ein onkel mangla denne gongen, men ellers hadde me heile familien på besøk, og talde tilsaman 23 stykker. Det må vel vere respektabel feiring?



Idet alle kjem inn døra, jentene skal opne gåver, kaffi skal traktast og kaker skal på bordet, då går Rosa rundt seg sjølv. Ho klarar slett ikkje halde på den verdigheit som ei vertinne skulle ha. Plutseleg oppdaga eg at dei hagestolane som skulle inn framleis stod ute i regnet. Nokon hadde ikkje fått glas, og plutseleg mangla det ei skei. Kaffi vart det stadig tomt for, og kven var det eigentleg som hadde gjeve den fine gensaren? Og kan ikkje gjestene berre setja seg ned??


Jaudå, alt gjekk bra til slutt. Gjestene, forøvrig plassert i to avdelingar (som automatisk vart ei avdeling for "dei over 40", og ei for dei under), åt til dei ikkje orka ein kakebit meir, og alle fekk smake på det meste. Salt snacks på slutten for å utjamne sukkersjokket vart godt motteke, og jentene storkosa seg med gjester og nye leiker. Vetlesyster fekk både trehjulssykkel og dokkevogn, og gjekk imellom dei heile kvelden. Storesyster tok med seg to nye Cd-ar og to syskenborn, og forsvann opp på rommet for å synge og danse. Ho ventar i spaning på at postmannen skal ha med seg ei pakke som ikkje rakk fram i tide - ein rosa mp3-spelar som ho kan høyre sin eigen musikk på!
Idag har me brukt store delar av dagen til å ta siste rest av oppvask, og ikkje minst rydda og vaska golv. Det er nemleg ikkje lite kliss som sitt i eit golv når 10 små og 13 store har fortært enorme mengdar sukker!

No har endeleg kveldsroen senka seg, og eg og Rosamannen skal nok sjå litt film ilag. Det har me fortent no, syns me.

God laurdagskveld!

6 kommentarer:

Trollkåno sa...

De har absolutt fortent fred og ro i kveld.
Takk for ei fin feiring i går!!!

Linda sa...

Ser ut til å ha vore ei kjempeflott feiring!!!

rod i hob sa...

Dette såg heilt perfekt ut i mine auger :-)

SLIK BARNEBURSDAGAR SKAL VÆRA

Rønnaug S. sa...

Det fortjente dere virkelig! Høres ut som ei skikkelig feiring med alt tilhørende. Kjekt at jentene likte festen :)

Henriette sa...

Gratulerer med vel overstått!!! Det ser ut som om de har hatt ein strålande fest, og Oreokaka såg heilt himmelsk ut!!! Du må gjerne legge ut oppskrift altså.......;)

Ha ei flott veke.
Klem:0)

Hanna sa...

Så mycket fint.
Underbar blogg.
Hanna

Related Posts with Thumbnails