måndag 6. juli 2009

Sommarregn

I nesten 2 veker til endes har me på Vestlandet hatt det varmt og solrikt. Om ein ikkje visste betre kunne me like gjerne vore plassert på ei sydhavsøy. Og, misforstå meg rett - det har vore herleg!!

Men med så lang tid utan nedbør skrik naturen etter dei livgjevande dråpane ovanfrå. Hageblomane heng med nebbet, og dei nyslegne bøane til bøndene er delvis brunsvidde etter mangel på fuktigheit.

For ikkje å snakke om brannfaren som er overhengande i inn- og utmark! (Då mannen måtte til med vinkelslipar i klessnor-prosjektet sist veke stod eg med hageslangen og bløytte bakken rundt han, så det ikkje skulle vere nokon fare for hus og heim)

Ikveld kom regnet! Eg måtte nett ut på trappa idet dei fyrste dråpane kom, for det er noko heilt spesielt med sommarregn. Den utruleg friske lufta som plutseleg sler imot ein - akurat som regndråpane reinskar lufta på veg ned til bakken.

Om ei vekes tid kjem eg antakeleg til å vere halvfornøgd med at det framleis regnar, men akurat ikveld syns eg det er såre vel. Håpet er at det vert kort og intensivt, slik at omgjevnadane kan få sine sårt tiltrengte dråpar, og me likevel snart kan nyte solrike dagar igjen.



Imellomtida er det jo òg slik at ein med godt samvet kan kose seg med gjeremål innomhus. Ikveld har eg starta arbeidet med ei ny heimeside til grendalaget i bygda. Og som vanleg når eg skal igang med slike prosjekt er det nye program, nye verktyg og nye arbeidsmetodar. Fordelen er sjølvsagt at eg stadig lærer noko nytt medan eg jobbar mot målet.

7 kommentarer:

rod i hob sa...

Så flotte bilder du viser :-)
Eg syns og at det var litt godt med regn i dag!! Lenge siden nå, men eg må visst ut å vanna dei blomstene som står unda tak!!

SÅ ENIG MED deg at me endelig kan jera noke innomhus uten dårlig samvittighet!! Herlig! Sambuaren min kjem heim til helga (Mest sannsynlig) Ette tre grusomt lange veker i Lakselv.. Eg er på venninne besøk i Bergen, men han skal iallefall komma heim til reint og ryddig hus (OM regnet held.. ;-)

Ha en fin kveld!!

Mamma Millan sa...

Hello..vilken härlig rosa blogg!!!
Kram Millan ♥

igi sa...

Helt enig! Sommerregn er deilig, bare det ikke varer så lenge.....

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Ja det var ganska härligt med regn... Luften blev så klar!

Flotta bilder du visar, liker speciellt den första med gräset.

Ha det fint!

Henriette sa...

No gjer det godt med regn!!! Og det er jammen ikkje ofte ein vestlending tek dei orda i sin mnn, hi,hi;)

Nudelee bilete var det og. Er nokre eige med vanndråpar som ligg slik på blomane.

Lukke til med nytt prosjekt. Høyrdes spanande ut:)

Når det gjeld pitabrødoppskrift så kjem det etterkvart. Må tilstå at det er svigerinno som kan oppskrifta, så eg må berre få skrive ho ned først;)

Ha ein flott dag.
Klem:)

Ingrid sa...

Ja det gjorde godt med litt regn. Vakna kl 04.00 i dag av at det sprutregna.No er sola tilbake men temperaturen har gått ned 10 grader.

(Smykke)Rosa sa...

Deilig med regn. Kan endelig ut og puste litt sommerluft og det blir så reint, støv og pollenfritt ei lita stund :)
Flotte bilder:)

Related Posts with Thumbnails