torsdag 30. juli 2009

På to hjul i svingane

Det er visst travle dagar i rosaheimen, og blogginga har ikkje heilt komme med i dagens gjeremål. Ein av aktivitetane som har føregått er sykling. Storesyster bestemte seg tidlegare i sommar for at støttehjula på sykkelen skulle av. Problemet var berre at ho ikkje heilt hadde tålmodigheit til å lære seg teknikken. Det siste jenta sa før me reiste på ferie var at når ho kom att skulle støttehjula på igjen.

Vel heime frå ferie hadde ho samla nytt mot, og etter berre ei lita stund med prøving klarte ho å knekke koden. Dagen etterpå var det prøving og feiling med oppstart, og den tredje dagen var det bremsing og stopp som stod på programmet. Og no syklar ho som ho aldri skulle gjort noko anna. Det stolte smilet og lyset i augene når ho kan fortelje dei ho treff at ho har lært seg å sykle på to hjul, er kva ein kan kalle ubetalelig.

I skrivande stund sitt me hjå svigers, og imorgon reiser eg og rosamannen frå våre søte små og legg turen austover. Saman med foreldra mine skal me på Mjøsmarknaden på Biri laurdag, og denne gongen prøver me det utan ungar. Det er svært begrensa kor lenge jenter på snart 2 og 5 år syns det er spanande med antikvitetar og snurrepiperier, og når dei i tillegg ikkje likar å køyre bil er me veldig glade for at sporty besteforeldre har teke på seg å passe propellane heile helga.

Eg gler meg VELDIG til ein avslappande tur, og spennande loppefunn på Biri!!

God helg!

3 kommentarer:

Linda sa...

Kos dåkke på Biri!!!
Og hels til mamma'en min, for eg har ikkje høyrt noko frå ho sidan vi sendte Chris oppover, hehe.

igi sa...

Det er alltid gøy når de små lærer noe nytt og føler at de mestrer noe! Lillebror lærte å sykle i påska og har etter det slitt ut noen par medjoggesko, det er nemlig forsatt lettest å bremse med beina...

Regner med at dere har det kjempe gøy på Biri nå, kos dere i helga!

Annika sa...

Så flink storejenta er då! Det er rart det med syklinga, plutsleg berre sit det slik det skal... Nærast utan forvarsel;)

Eg skulle gjerne ha tatt ein kopp kaffi når vi var i Bergen ja, men dessverre strakk ikkje tida til. Min kjæres besteforeldre bur i Bergen, og dei nærmar seg 90 begge to. Derfor vart det prioritert å besøke dei, og ein *liten* tur innom Ikea utan å finne det vi skulle ha...

Kjem nok tilbake til Bergen by ved ei seinare anledning, for det var ein kjekk by - har nesten ikkje vore der før. Vi får satse på litt bedre tid då, og ha kaffien til gode til då:)

Related Posts with Thumbnails