måndag 20. juli 2009

På jakt etter storsei

Rosamannen har feriert her på Sandsøy sidan han var liten gut. Fleire veker kvar sommar budde han og resten av familien hjå besteforeldra i det huset eg no sitt i.

Noko av det som sitt som klistra i minnet hans frå sommarferiane er fisketurar på havet, med stortorsken som det ultimate mål. Fyrste gongen eg var med fekk han nettopp ein slik - ein rugg på 15 kg! Dei seinare år har eit av syskenborna her oppe investert i ein 29 fots båt, som han brukar til både fiske og feriering. På denne båten har han ekkolodd for å lokalisere fisk, og motorisert hjukse som slepper ut og dreg opp sjølv, og som både blinkar og pip når ein "stakkar" har bite på ein av dei 10 krokane. Me amatørar syns det var like kjekt å gjere ting på gamlemåten, med fiskestang og manuell hjukse. Rosamannen gliste frå øyra til øyra då han på rappen fekk to torskar på 3 og 4 kg på stanga igår kveld!

(klikk på bileta, så vert dei større)
Storesyster hadde gleda seg til båt- og fisketur, men skulle eigentleg berre vere med på ein liten tur før me vaksne la ut på langtur. Men, det viste seg at jenta stortreivst i båten!! Når me gjekk mot bølgene trilla latteren, og når fisken begynte å bita på for alvor steig adrenalinet i takt med antal fisk. Plutseleg hadde mange timar gått, og me hadde over 20 storsei på 6-10 kg i fiskekassen! Sidan me var i båt med ein erfaren fiskar vart sløying og tilogmed filetering gjort i båten på veg heimover, medan rosamannen og storesyster stod ved roret. Det ferdige resultatet: 30 kg seifilet av beste kvalitet! Måsen var òg storleg nøgd med resultatet vårt, der dei frotsa i invollar og fiskeskinn.


Det vart ein fantastisk vakker kveld på havet, der vind og bylgjer stilna litt etterkvart. Men alle gode ting må ta slutt, og når klokka nærma seg 22 var det ikkje meir krefter att i kroppen til ei jente som snart blir 5 år. (Til då var ho så tålmodig som me knapt nokon gong har sett ho. Om ho vart litt kald eller lei gjekk ho innomhus i båten, og sat med teiknebok og fargeblyantar med Michael Jackson på radioen.>Rett og slett imponerande!) Me sette kursen heimover, og då var det godt å sitte på fanget og slappe av og samle krefter til kveldens siste post: Det obligatoriske fiskemåltidet ved heimkomst. Dette er ein tradisjon eg aldri hadde vore borti før eg var på Sandsøy fyrste gongen, men her er det heilt vanleg at folket ventar oppe til fiskarane er inne, før ein kokar mølje til heile familien. Mølje er kokt fersk fisk og fiskelever, saman med nykokte poteter, smør og flatbrød. Sjølv Rosamannen, som ellers ikkje likar fisk, syns dette måltidet er ei kulinarisk nyting!


Det var berre såvidt, men storesyster på snart 5 år klarte å halda seg vaken til mølje-måltidet ved midnatt, og sovna idet hovudet traff puta litt over halv eitt i natt. Ikkje eingong då vetlesyster klatra på ho klokka 8 idag tidleg vakna ho frå dvalen. Naturleg nok har ho vore ein smule trøytt i heile dag, men eg trur det var vel verdt opplevinga av ein 6 timars fisketur etter storsei.

4 kommentarer:

Annika sa...

Det såg ut som ein fantastisk flott kveld! Og no fekk eg også veldig lyst å dra på fisketur:)

Fortsatt god sommar i nord!

Nikoline sa...

Hei på deg der oppe i nord!
De storkosar dekan ser eg,sjølv om været ikkje er HEILT topp.Det gjeld berre å gjera det beste ut av dagen då,noko de klarar med glans.Litt av ein fiskefangst! Kjende lengten etter alle mine nordlandsferiar heilt ned i magen av dette innlegget....Hugsar eg var nokså sjokkert første gongen eg opplevde at dei kokte mølje kl.2 om natta etter fisketuren... MIDDAG midt på natta..?? (og då dreiv naboen å raka plenen...) Dei veit å nyta livet om sommaren desse nordlendingane,det er sikkert!
Kos dekan vidare,håpar sol og varme kjem no då :0)

Trollkåno sa...

For ei flott oppleving både for liten og stor!!!

Rønnaug S. sa...

Ååååååå. For en vakker plass dere har å reise til. Virkelig et lite paradis. Kjekt å se at dere koser dere :)
Det gjør vi også. Blogging blir det ikke mye av, men i kveld låner jeg en mormormaskin av det slaget som er i feriemodus hele året ;).

Kos dere. Gleder meg til skikkelig rapport etter ferien. Klem

Related Posts with Thumbnails