søndag 5. juli 2009

Litt nytt (og noko daudt) i heimen


Helga som har gått har vore tileigna sol og sommar, med badeturar hit og dit i selskap med gode vener. Rosamannen har hatt litt ferie og skal ha litt meir, men me jentene skal til våre daglege virke i 4 dagar til før det er ferie. Eg og storesyster hadde jo meir som ein tjuvstart på ferien sist helg, og når me fyrst var i Oslo måtte det jo verte litt shopping òg. Eg hadde ikkje planlagt det, men når me var på Kremmerhuset for å kjøpe ei gåve til veninna mi som me budde hjå, kom eg over eit par gode tilbod.

På porten inn til hagen vår heng det no eit "Velkommen"-skilt. Det var kanskje i minste laget til å henga på ein port, men så er det jo fint å ynskje folk velkommen med det samme dei kjem inn, istadenfor når dei kjem inn på kjøkkenet eller i stova ;)


Noko anna som fekk vere heim var 6 søte melaminkoppar. Slike koppar har eg sett på mange gonger i den kjempefine butikken Patina (med denne bloggen), men det har liksom ikkje blitt til at eg kjøpte dei. Når dei stod framfor meg på Kremmerhuset og kosta berre 10 kr pr stk, så klarte eg ikkje gå ifrå dei.

Det eg eigentleg hadde tenkt å sjå etter i hovudstaden var ein eller to sommartoppar til meg sjølv. Men, som så ofte før vart det litt kle til ungane (eit lagersalg med kle til 25 kr plagget kunne eg heller ikkje gå rett forbi), og tinga ovanfor til meg sjølv. Det skjer noko merkeleg med prioriteringane idet ein får ungar i huset ;)



Nokon som ikkje hadde så godt av den gode sommarvarmen me har fått kjenne på i halvannan veke, er stemorsblomane mine. Etter helga hang dei tevande ut over kanten, og var meir eller mindre daude heile gjengen. Eg har prøvd å gjenopplive dei, men satsar på at regnet som er spådd den komande veka kan gje dei livslysta tilbake.

Det har forresten vorte nokre timar på arbeidsrommet den siste tida, fordi jentene våre strevar med soving og kveldsro i varmen. Minstesnuppa har dessutan funne ut at det å komme seg ut av senga sjølv gjev uante moglegheiter. Aldri så gale at det ikkje er godt for noko - mor har fått sydd! Resultat av det kjem kanskje i neste innlegg?


God veke i vente!

5 kommentarer:

Henriette sa...

Slike malaminkoppar kunne eg godt tenkt meg nokre av. Kjekt å kunne bruke fine plastkoppar, og ikkje berre oransje og knallrosa frå Ikea;)

Kleshandel vert noko anna når ein har fått born ja. Var så stolt av meg sjølv sist eg var på handel og faktisk IKKJE handla til ungane, berre til meg:0) (Bortsett frå Hello Kitty leggigs og hårklemmer til frk dings....)

Ha ein fin sundagskveld.
Klem:0)

igi sa...

Så fin port dere har, passet fint med velkommen skilt der. Ønsker meg slike kopper jeg også, satser på at de har flere igjen på kremmerhuset neste gang jeg skal dit. Ha en fin siste uke på jobb før ferie!

rod i hob sa...

Godt å hørra at de ikkje bare e meg som strever med å gå forbi ting som er billig. Er det på tilbud, -så får eg *PLUTSELIG* veldig veldig brukt for det! Om ikkje anna, så MÅ eg bare ha det i eit skap, sånn i tilfelle...

Har våre på Jæren kun i helga. Sambuaren har våre vekke på jobb LITT i de lengsta laget -så eg måtte bare finna på noke kjekt! Som å trøsteshoppa :-) He he! Badet til bror min mangla nå kun interiør, tak veggar golv etc e på plass. Eg e veldig fornøyd med det eg har plukka ut :-)

Ha ei fin siste veke før ferien :-)
Eg vente bare på 10.august kan du sei...

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Ja visst har det varit en härlig helg! Sol och värme mår man gott av.

Så fin skylt på grinden - ser verkligen välkomnande ut.

Ha det fint!

Patina-H sa...

Hei :)
Fint skilt og fiiiiiiiine koppar, og slikt eit godt tilbod kan ein ikkje berre gå forbi :)

Related Posts with Thumbnails