torsdag 2. juli 2009

Karstykkje og klestørk

Noko av det fyrste eg ynskte meg då me kom i eige hus for 3 1/2 år sidan, var skikkeleg klessnor. Med to små i hus vert det mykje klesvask (ja, for dei grisar sjølvsagt ikkje berre på sine eigne kle, men på våre òg)

I plenen på "bortsida" av huset oppdaga me (med god hjelp frå grasklypparen) at det stakk opp eit jernrøyr som garantert hadde vore botnen av eit klesstativ ein gong i tida.

Problemet var berre at vanskelege fru Rosa ikkje var nøgd med plasseringa. Der jernrøyret stod er det verken sol eller vind, og det ville jo ta ei halv æve før kleda vart turre - meinte ho. Men om ein kunne få klesstativ to meter lenger opp i brattebakken, DÅ ville alt verte så mykje betre.


Den snille Rosamannen har tenkt på saka ei stund, og igår tok han fatt på arbeidet.(han har ikkje brukt alle 3 åra på å tenkje på det, for iløpet av denne tida har eg sikkert ombestemt meg 14 gonger på kor eg ville ha klestørken min. Det skulle ikkje vere midt i hagen, ikkje rett framfor platningen. Ikkje ved elva og ikkje for nære vegen - kravstor????? ), Han grov opp "ilesteinen", ein klump av stein og betong som var ein halvmeter i diameter og ca 70 cm høg. Det seier seg sjølv at klumpen var tung!


Etter ei stund innsåg han at litt hjelp kunne vere fint. Eg brukte superkreftene mine (les: mi eiga vekt) på vektstanga han hadde sett under steinen, og fekk vippa den opp or hòlet. Plutseleg kom det to familiemedlemer til som hadde ledige hender, og med deira hjelp, Rosamannens rå muskelkraft og ein god porsjon staheit, så kom ilesteinen dit han skulle.


Nesten heile dagen idag har min eigen handyman brukt på å mikse og trikse for å lage ein påle som han kunne tre tørkestativet ned på, og no ikveld kunne eg for fyrste gong late vingestativet stå tomt på plenen, medan klesvasken vart hengd opp på mitt nye store turkestativ.
Det gjer meg kanskje ikkje til ei betre husmor, men no har eg iallefall ein ting mindre å skulde på når haugen med skittenkle på badet er for stor.
Tusen takk, handyman - og god kveld til alle der ute!

3 kommentarer:

Trollkåno sa...

Godt jobba, og gratulera med ny klessnor!!

Noralill sa...

Veldig kjekt med klessnor ute i desse dagar...:)

Henriette sa...

Hi,hi, gjett om eg kjenner meg att. I dei fire åra me har budd her, har me diskutert KVAR tørkestativet skal stå!!! Har me bestemt oss???? Neiiiiiii! Men no har me fått eit tørkestativ, så no må me bestemma oss;)

Høyrdest ut som om de har hatt ein flott tur til Oslo. Rart korleis ein kan knytte sterke band med folk ein knapt ser andlet til andlet, men utruleg koseleg:)

Ha ei flott helg.
Klem:0)

Related Posts with Thumbnails