søndag 12. juli 2009

Ferie

Mange har starta på ferien for lenge sidan, men no er turen endeleg komen til Rosafamilien! Eg og jentene hadde siste dag i jobb/barnehage på torsdag, medan Rosamannen har tjuvstarta litt og vore heime nokre dagar allereie. Ferie til trass, blogging har det vorte lite med..


Me har brukt dei fyrste feriedagane godt, vil eg sei. Både besøk til ei veninne som er heime på ferie frå hovudstaden og grillfest har me rokke på. Ja, storesyster kalla det for grillfest då me vart invitert til svigerinne og bror på grilling, og eg syns det var med rette. Det var nemleg ein fest både for auga og ganen å koma dit igår kveld!


Idag har eg prøvd å få rydda litt i heimen, og begynt å pakka til årets ferietur. Imorgon reiser me frå huset vårt, og skal overnatte i det tomme svigers-huset før me tysdag morgon legg vegen mot Flesland - Gardermoen - Evenes. Dei neste 9 dagane skal me nemleg tilbringe på Sandsøy utanfor Harstad.


Det er fantastisk å koma dit, og eg anbefalar alle som ikkje har vore nordover i landet vårt til å leggja fyrste og beste ferie dit! Sjølv har eg vore der eit par gonger no med min kjære som har morsslekta si på denne øya.


Me håpar på godt vèr og midnattssol, fisketurar, og det aller viktigaste: å helsa på ein bestefar/oldefar som er heile 99 år!!
Laptop og kamera skal sjølvsagt vere med på turen, så eg reknar med det vert både eitt og to reisebrev frå høga nord.
God sommar-/ferieveke i vente!

7 kommentarer:

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Hoppas ni får en underbar ferie! Kos dere!

Trollkåno sa...

God ferie og god tur til Sandsøy!!!
Håpar de får ein super tur og masse midnattsol!!

Rønnaug S. sa...

Heisann! Dere må kose dere alt dere kan. Og fest må det ha vært, det ser i alle fall ut til at snuppa har fått noe godt i glasset...

Stilige syprosjekter du har avslutta. Det sengesettet er helt nydelig!

Klem :)

igi sa...

Kos dere på ferie! Gleder meg til reisebrev!

Linda sa...

høyrest herlig ut!!
kos dåkke kjempemasse! *kos og suss*

Nikoline sa...

Høyres forlokkande ut!! Gler meg til reisebrev frå nord.. Eg har ikkje vore radt så langt nordover (SKAL!)men har opplevd midnattsola.
Ha ein kjempeflott ferie og kos dekan!!!

rod i hob sa...

Godt at ferien er i gang :-) Eg venter litt til eg.... :-(

God tur!!

Kva har du gjordt med det siste bildet i dette innlegget??

Veldig fin stil :-)

Related Posts with Thumbnails