onsdag 8. juli 2009

2 syprosjekt er ferdige, kva no?

Det var i vår ein gong, då eg og mammo mi var på ekspedisjon til Stoff & Stil, at eg kjøpte eit stoff med grønt sommarleg mønster. Saman med det kjøpte eg eit sy-mønster merka "EASY". Resultatet av dei to komponentane, blanda med litt eigne tolkningar og nokre timar på arbeisommet ser du her:

Eit sommarskjørt i størrelse 6 år, som eldstesnuppa nok kan bruke både denne, neste, og kanskje endå ein sommar - om det varar så lenge, då. Det skulle eigentleg syast med elastisk tråd og 3 breidder strikk i toppen, men sidan eg og symaskina endå har eit gryande forhold og endå oppdagar nye sider ved kvarandre, valde eg å ikkje øydeleggje det med slike halsbrekkande forsøk. Mi løysing var derfor den trygge og gode "sy ein løpegang og tre strikken inni etterpå"-vrien.

Det siste prosjektet, som vart ferdig igår kveld, er sengesett og to ekstra puter til ei ekte prinsesse. Som seg høver sydde eg ein liten blondekant i skøyten mellom dei to stoffa i dynetrekket.


Stoffa er altså eit prinsessestoff og eit offwhite stoff med trykk av roser. Ein riktig søt kombinasjon, syns eg.


Dei to ekstra putene vart ei av kvart stoff, og prinsessa som skulle ta det ibruk ikveld var supernøgd med resultatet. Og - det ser endåtil ut som eg har nok stoff til å sy eit likt sett til vetlesyster! Då skal eg prøva å få saumane endå litt beinare, og spretta oppatt ein gong mindre.....

No veit eg ikkje heilt kva prosjekt eg skal leggje ut på. Skuffa med skjørt og kjolar er full, kassa med sengkle likeså. Om nokon har tips til ting som ikkje er så kompliserte å sy, men som likevel kan ha ein viss nytte- og/eller glede-effekt, så rop ut!

6 kommentarer:

www.sessanochprinsessan.com☆ sa...

Tittar in för att önska dig underbara sommar dagar & samtidigt passa på & informera om att jag numera endast finns på www.sessanochprinsessan.com eller www.mammabloggarna.se/sessanochprinsessan

Jag hoppas ju självklart att jag fortsatt kommer få besök av dig ;D

Miljoner Kramar
//Sessan

Annika sa...

Så kjekt å sy når det blir så fint:)

Eg har tenkt lenge på at no måå eg leite fram symaskina mi, men foreløpig står den på loftet...

Eg skal sy nye stuegardiner, og helst også på badet, men når eg er ferdig med det, eller kanskje litt innimellom, har eg ein plan om å sy nokre passe store stoffposar til å oppbevare alle dei ørten mobil- og kameraladdarane vi har her i huset no, og som berre surrar seg saman når dei vert oppbevart i lag... :)

Ynskjer dokke ei god veke vidare!

Klem!

tanja sa...

hei, du har jo fått skikkeleg kustus på den symaskina di!

Elisabeth Antonette sa...

Flott sengetøy og flott jente! :o)

Et syprosjekt med glede-effekt er erteposer. Enten vanlige firkanta, eller mer avanserte former som dyr, prinsessekroner, bokstaver etc. Bare fantasien setter grenser. Lurt å sy dobbelt rundt kanten for sikkerhets skyld, erter over hele stuegolvet er vel ikke det kjekkeste. ;o)

Henriette sa...

Så flink du er!!! Kanskje eg skulle sette meg ned å sy ferdig tunikaen eg byrja på til frk dings.......

Har du klart å sy alt dette, klarer du nok det meste. Du får ta turen til Stof og Stil att;)

Klem:0)

Linda sa...

sjå der ja!! det der ser jo supert ut!
du får sy julegåver! då kan du sy til du blir sprø utan at du må investere i nytt kjole/skjørt skåp eller sengetøy-kasse;)

Related Posts with Thumbnails