tysdag 23. juni 2009

Tradisjonell jonsokfeiring

Det har vore ein strålande ettermiddag og kveld, med stigande temperatur og skinande sol. Som seg høver på ei jonsokaftan var det bryllaup i bygda, der eit ungt par som akurat har fullført sitt fyrste skuleår var kledd som brur og brudgom.


(den skjønne buketten til jonsokbrura) Eg hugsar då eg sjølv var brur, og gifta meg med naboguten som var året eldre. Me var faste leikekameratar, noko som òg kunne bety at me krangla så busta fauk. Dagen før giftarmålet hadde me hatt ein slik krangel, som enda med at eg hadde tydelege bitemerker i skuldra. Eg hugsar enno at eg sprang grinande til mor som var på slåtteteigen. Då eg var brur var det eit litt større opplegg enn det som vert arrangert no. Eg minnast at ei av dei som no er mine svigerinner hadde rolla som brura si mor i jonsokbryllaupet. Mange år seinare fekk eg eit bilete av meg og henne, med stort alvor for oppgåva.

Litt artigt å minnast, og eg syns det er både viktig og flott at slike tradisjonar vert ført vidare til nye generasjonar. Årets brur har så langt og vakkert hår at ho kunne minna om sjølvaste huldra der ho gjekk. Ikkje så reint lite stolt var ho då ho og brudgommen stillte til fotografering framfor resten av bygda. Han såg ut som så mange brudgomar har gjort før han; utan å heilt vita kvar han skulle plassera hendene, og med eit visst ynskje om å synka ned i bakken.


Dette året vart det òg bål slik tradisjonen seier. Ifjor var vèret såpass dårlegt at dei ikkje fekk fyr på bålet før fleire dagar seinare, men ikveld brann det lystelegt medan bygdafolket stod litt rundt omkring og slo av ein prat. I ei bygd som no ikkje har veldig mange møtestader att er det kjempeviktig med slike små og store arrangement. All æra til kvinne- og familielaget som årvisst skipar til jonsokfeiring for oss andre!
Eg håpar de der ute har hatt ei fin feiring, utan bålglør på villspor.


3 kommentarer:

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Hej!

Jag har aldrig tidigare fått med mig detta med jonsokbryllup. Ganska spännande tradtion får jag säga.

Låter som ni hade det riktigt fint. Hoppas du har en lika fin onsdag!

I eit hus i ein dal sa...

Jodå:)
Me var der me.
Artig å sjå dekan og, men samtidig litt flaut?
På ein måte veit me jo masse om kvarandre, på ein anna måte ikkje?
Neste gong får me sei hei:)

Rønnaug S. sa...

Skal si du får dreisen på blogginga for tida. Jeg nyter å lese om små og store hendelser.

Og den stolen på plattingen deres, den så veldig fristende ut. Lurer på... :) Trur ganske sikkert at je gtrenger noe sånnt. Ingen av våre stoler er spesielt gode for ryggen for tida. Det må da være en god grunn til å ....

Related Posts with Thumbnails