fredag 19. juni 2009

Sundagstur

Eg har ikkje tenkt å ta sundagsturen på forhånd, men den nye veka gjekk før eg fekk tid til å skriva om den fine turen me hadde forrige sundag. Då skulle Rosamannen på siste speling med korpset sitt på Sotra, og me fann ut at det passa fint å leggja sundagsturen dit. Svigers kom òg utover for å høyra konsert, og storesyster syns det heile var så interessant(?) at ho ville nyta det fyrst av alle - ved foten til far.


Etter konserten la me vegen mot Bergen, og med det fantastiske vèret me hadde kom me inn på tanken om å ta Fløibanen. Eg har aldri vore på Fløien før, må eg innrømme, men det var fantastisk vakkert! Så etter ein god tur på Peppes Pizza, der alle vart mett og storesyster fekk helsa på Ole Bull, gjekk me og kjøpte billettar til den vanvittig bratte bana! Oppe på toppen var det skikkeleg foreseggjorte leikeapparat i tre, og ungane koste seg med å få springa fritt. Litt skummelt var det å stå heilt på kanten med byen under seg, men med supertante ved sida gjekk det fint. Utsikta kunne ikkje vorte betre!

Denne helga vert det nok ikkje Bergenstur, men noko lyt me finna på. Å berre vera heima er nemleg "sjedelig"! ;)

Akurat no syns eg det er heilt glimrane, med ungane i seng, mannen ved mi side, og ein film klar til å underhalde oss.

God helg!

PS: Eg, jentene og mammo mi hadde ein kosleg tur i Åsane idag, med besøk på S&S, men det eg kjøpte der er ikkje så kjekt å vise fram før eg har "behandla" det slik eg har planar om :)

3 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Nydelige bilder fra turen. Kan helt tydelig fornemme stemningen (den gangen vi var der og klatra med ungene var det regn i bøtter og spann...)

God helg til dere alle. Nå er bilen pakka for Eidfjord og fotabll.

Merethe Kristin sa...

går det ikkje an å få bileta større på ei anna fane når ein trykkjer på dei?

Det var kjempekoseleg å vera med på sightseeing i eigen by ;)

Annika sa...

So nydlige bilder! Eg har høgdeskrekk deluxe, men er litt nyfiken på Fløien, så lurer på om vi skal ha oss ein tur dit i sommar... Fortsatt god helg! Klem!

Related Posts with Thumbnails