måndag 15. juni 2009

Sommarfest er ikkje for pyser!

Iallefall ikkje den eg var på idag!!

Idag har eg vore heime nokre timar frå storesyster var hjå øyenlegen til vetlesyster skulle hentast. Det måtte skje litt tidlegare enn vanleg, for maur-mannen skulle jo komma klokka tre. Ein telefon frå Rosamannen til fagmannen gjorde det klart at han ikkje kom akurat til klokka tre, men nærare halv fire. Mor svinga seg rundt i heimen med støvklut og mord i blikket, men rakk likevel å hente jentene akurat i tide til ny avtale.

Men, så kom det ingen mann. Dvs - Rosamannen kom heim kvart over fire, og på vegen heim fekk han telefon frå maurslukaren, som eg har enda opp med å kalle han. Denne var akurat reist frå Bergen, og ville vere framme i femtida. Det ville jo vore vel og bra, om ikkje det var for at me skulle på sommarfest med barnehagen til vetlesyster kl 17. Det vart klinkande klart at me jentene måtte klare oss sjølve, medan far skulle vere heime og jakte på maur. Vetlesyster visste ikkje om noko problem og Storesyster rista skuffelsen raskt av seg, så det var nok mor sjølv som var mest skuffa over dette.


(lekker anretning var ikkje pri 1 idag)


Me kom til nabobygda (der festen skulle vere) akurat kl 17. Her er alle skule- og barnehageborn med foreldre, søsken og besteforeldre invitert, og det er ikkje akurat 4-felts motorveg ned til friområdet ved vatnet. Difor var det ikkje anna å gjere enn å parkere bilen så langt som mogleg inn i ei busk og ta beina fatt. Vetlesyster i vogn og ei korg full i mat vart manøvrert langs ein humpete grusveg ned til "festplassen". Der viste det seg at bygdefolket i nabobygda er av det punktlege slaget, for barnehageborna som skulle opna med eit songprogram var nesten ferdige. Eg fekk sendt fram vetlesyster slik at ho iallefall fekk med seg siste songen der framme. Storesyster syns det var mykje meir spennande med ungane som stod og kasta stein i vatnet, ennå fylgja med på skuleborna sitt program. Men med vetlesyster på frifot var det ikkje mogleg for meg å vere med til vatnet, og dagens fyrste gråtetokt var eit faktum (eg vågar nemleg ikkje sleppe jenta til vatnet åleine, hønemor som eg er). Den andre fylgde raskt på då eg måtte skuffe henne og sei at eg ikkje orka ein lang natursti med vogn og det heile. Heldigvis er ikkje jenta rådalaus, og sprang med det samme til ei lita veninne ho har fått i vetlesyster sin barnehage. Her var det hjarterom, og storesyster kunne med stjerner i augo fortelja at ho hadde fått vera med på eit lag!

(Det ser idyllisk ut, ikkje sant? - eg fekk ei av dei tilsette til å
knipse oss det minuttet me alle sat samla)


Så var det endeleg tid for mat, og eg tok korga i eine handa og vetlesyster i vogna med den andre. Her grilla kvar til seg, medan salat og potetsalat var å få kjøpt. Eigentleg ei fin ordning - om ein er meir enn ein vaksen med på festen! For jentene måtte sjølvsagt få den obligatoriske pølsa lenge før mi flintsteik eingong hadde kjent skikkeleg på varmen. Vetlesyster i vogna sat så og ropte stadig meir utålmodig for å sleppe fri medan eg sprang frå henne til grillen og tilbake. Jammen er det kosleg med felles måltid!

Med grillmaten klaska oppi den før omtalte salaten skulle me no finna ein plass å eta. Det var omtrent då det gjekk opp for meg at me ikkje hadde noko å sitja på. Det var heilt innlysande for bygdefolket, men for meg som aldri har vore med på sommarfest der før var det ukjend at ein måtte ha med seg både bord og stolar om ein trong det for å få i seg mat. Heldigvis var det ikkje avgjerande for vårt næringsinntak, men eg var då så frustrert og fortvila at eg beit meg sjølv hardt i leppa for ikkje å setje meg rett ned og grine. (Kvifor bit ein seg eigentleg i leppa? Om ein bit hardt nok sprett jo tårene berre av den grunn..?) Maten var heldigvis god!

(Bilde frå sommarfesten sist torsdag,
der jentene hadde dei nye kjolane på)


Og etter mat var det berre å ta beina fatt ;Vetlesyster var heilt ferdig med vogna, og skulle ut og springa. Eg fotfylgde ho, men ho klarte likevel å snappe to pølser frå fatet til ein liten gut, velte ei flaske cola som stod på eit bord, tømme cola frå vår eiga flaske over heile foten til ei anna mor, og sist men ikkje minst ta salto: Eg gjekk og haldt ho i handa, men då ho kom fram til ein kant som var halvmeteren høg slengde ho seg framover så eg glapp taket. Jenta tok salto ned i skarpe steinar, og i det halvsekundet såg mor for seg store blødande hòl i hovudet. Mobil og drikkeflaske vart kasta veggimellom for å fata den vesle dokka som no lagde utruleg høg og vond lyd. Gråten stilna ganske fort, og eg våga meg til å få eit overblikk over skadene; Dei bestod av eit nærast usynleg risp på haka og litt rusk i håret.

Ein kan vel ikkje sei at resten av festen var roleg, men den gjekk iallefall unna utan større uhell. Storesyster kom glad og nøgd att frå natursti, og dei to store jentene sørga for at foreldra utveksla telefonnummer, slik at det gjekk an å avtale besøk! Då var det berre å baksa seg oppatt til bilen og køyre heim til far som stod i døra og venta.

Han og maurslukaren hadde jakta maur i fleire timar, og me har no fått konstatert ikkje berre ein men TO sortar maur på badet: Stokkmaur og svart jordmaur. Me som trudde stokkmaur var håplaus å bli kvitt tok feil: Svart jordmaur er endå verre. Ein "drep alt"-avtale er inngått med maurslukaren, og for ein liten haug med pengar skal han i det næraste året komma att fleire gonger og leggja ut nye feller for våre uønska husdyr. Faktisk skal han til hausten/vinteren få bryna seg på smågnagarane våre òg. Eg håpar inderleg han grisebankar dei alle!

No er det slutt på kreftene, og eg skal krype inn under dyna og drøyme om at eg vaknar opplagd og utkvilt imorgon. Natta!

5 kommentarer:

Elisabeth Antonette sa...

oioi, litt av en dag!

Du skriver bra, både koselig og gøy å lese om hverdagen deres. :o)

Nikoline sa...

Huttetu - som de har kosa dekan... *kremt*
Men eg kan ikkje anna enn flira litt her eg sit,ikkje av alt elende som oppsto - det er av måten du har klart å gjenskapa det på:0) Eg trur sanneleg du vakna kvikk og opplagd i dag,eg.. for det ser ut for at du har sett det humoristiske i sommarfesten før du gjekk til sengs.
Då er det verre å finna noko humor når det gjeld mauren!Håpar verkeleg at maurslukaren får bukt med problemet!!!
Nyt denne flotte junidagen me har :0)

igi sa...

Uff, ikke enkelt å være på fest aleine med to barn!

Du får krysse fingrene for at maurene blir borte etterhvert. Vi har avtale med et skadedyrsfirma som legger ut gift osv mot smågnagere. Har ikke sett en mus siden, bortsett fra de pus legger på trappa!

Håper du får en fin ogrolig uke!

Rønnaug S. sa...

Oysann. Skal si dere har festa. Og der fikk jeg bekrefta min teori om at fest er best med en unge om gangen. Nå har jeg unna gjort minstemann. Om en liten time bærer det avgårde på fest for eldstemann og i morra er det snuppa...

Ohoy så godt det skal bli med ferie. See you tomorow :)

Lene sa...

hehe. Må bare le litt også. Du er så skjønn og har masse selvironi. :) Koselig sommerfest likevel så det ut som. Herlige jenter!

Related Posts with Thumbnails