onsdag 17. juni 2009

Plagg nr 2 frå eiga symaskin, og sommargodt i glaset

Igår gjorde eg ferdig syprosjekt nr 2 frå eiga symaskin - eit skjørt til storesyster i brunt og turkis (den fargen heiter strengt tatt ikkje turkis når eg tenkjer meg om. Den heiter noko som får meg til å tenkje på olje og drivstoff, men eg klarar ikkje stable tankane rett til å hugse namnet). Iallefall: Skjørtet er sydd med stoff og mønster frå Stoff & Stil, og mønsteret var tydeleg merka med EASY. Dermed gjekk det som fot i hose, bortsett frå at symaskina nok treng litt snarleg care and attention med støvkost og symaskinolje. Plutseleg hender det nemleg at tråden set seg fast nedi djupet ein stad, og då vert ikkje saumen direkte pen.

Men, me vart til slutt einige symaskina og eg, og storesyster har erklært at ho skal ha skjørtet på seg i barnehagen imorgon den dag. Det gjenstår å sjå om det overlever ein barnehagedag....

Ikveld er rosamannen i Bergen og grillar studentane sine. Eller, det var kanskje ikkje heilt slik, men det var iallefall noko med studentar og grilling. Me jentene klarar oss godt i heimen uten far, men i ettermiddag var me både trøytte og småsure alle 3. Då er det berre å komma seg ut or huset! Me hadde "sentrum" som mål, for der der det alltid mange leikekameratar i omløp. Ikveld derimot, var det avslutningsfest på skulen i bygda, og det var ikkje ein leikekamerat i sikte nokon stad. Mor lokka med "noko godt" om me gjekk heimatt, og tru meg - slike lovnader kjem ein ikkje unna i Rosaheimen!

Løysinga vart Smoothie med banan, yogurt, litt is og ein neve frosne bær. Til slutt måtte me spe med litt melk for at den friske blandinga skulle verte drikkande og ikkje måtta etast med skei. Til trass for grimasen likte vetlesyster smoothien kjempegodt, medan storesyster som i utgangspunktet var den ivrigaste gav seg fort. Det vart for mange frø og for mykje banansmak! Eg var glad til, for då vart det meir til meg. Og så er jo denne sommardessert-drikka utruleg fin på farge!!

Tusen takk for kjekke, fine, inspirerande oppmuntrande kommentarar!

8 kommentarer:

Sine sa...

For et flott skjørt. Lekre stoffer. Klart det må brukes i morgen den dag!

Og smoothies er en fulltreffer. I min "rosaheim" (3 små jenter under 6) slår de alltid an.

Nikoline sa...

Kanskje ordet du var ute etter er petroleum.. men skjørtet var kjempeflott enten fargen heiter turkis eller noko anna! Klart det må prøvast med ein gong:0)
(men fy søren så bale når maskina ikkje gjer som ein vil!!)
Ha ein flott dag:0)

Rønnaug S. sa...

Skal si du får dreisen på maskina. Kjempe stilig! Og smoothien ser bare så god ut :)

Trollkåno sa...

Kjempefint skjørt.....og det blir vel meir stoffhandel i morgon???

Linda sa...

Herlige Hedvig då!!
Skjørtet er flott, tenkjer Oda er fornøgd med det! fargen heiter i mitt topplokk turkis, men ute i verda heiter den vel petrol eller noko sliket...

*smask*

Lene sa...

For en artig grimase :D hehe.
Smoothie er godt ja. Et lite tips er blåbær. Hilsen fra en som har en 4-åring som heller ikke liker frø i smoothien :P

rod i hob sa...

Så flink du er :-) Å ikkje minst TØFF som bare prøver!!

Stilig bilde/ collage av vetlesyster :-)

God helg!!

disa sa...

成人漫畫,成人文學,成人遊戲,成人電影,成人論壇,成人,做愛,aio,情色小說,ut聊天室,ut聊天室,豆豆聊天室,聊天室,尋夢園聊天室,080視訊聊天室,免費視訊聊天,哈啦聊天室,視訊聊天,080聊天室,080苗栗人聊天室,6k聊天室,視訊聊天室,成人聊天室,中部人聊天室,免費視訊,視訊交友,視訊美女,視訊做愛,正妹牆,美女交友,玩美女人,美女,美女寫真,美女遊戲,hi5,hilive,hi5 tv,a383,微風論壇,微風,伊莉,伊莉討論區,伊莉論壇,sogo論壇,台灣論壇,plus論壇,plus,痴漢論壇,維克斯論壇,情色論壇,性愛,性感影片,校園正妹牆,正妹,AV,AV女優,SEX,走光,a片,a片免費看,A漫,h漫,成人漫畫,免費A片,色情網站,色情遊戲,情色文學,麗的色遊戲,色情,色情影片,同志色教館,色色網,色遊戲,自拍,本土自拍,kk俱樂部,後宮電影院,後宮電影,85cc免費影城

Related Posts with Thumbnails