søndag 21. juni 2009

Ny sundag - nye moglegheiter

Me har hatt ein nydeleg sommarsundag her vest, med sol og fin temperatur. Storesyster vakna halv sju og formeleg hoppa ut av senga i glede og forventning over at ei ny veninne skulle komma på besøk idag. Planen var at ho skulle koma i føremiddag, men då det viste seg at ho måtte komma heim frå eit anna besøk fyrst vart ventetida med eitt drastisk forlenga. Venting er ikkje vår sterkaste side, her i rosaheimen. Tidt og ofte får me det me kallar "ventesyken". Storesyster er nok hardast ramma, men både rosamannen og eg kan kjenne snev av den i ny og ne. Den er kjenneteikna av sterk rastløyse, og det kan vere retteleg plagsomt når det trekkjer ut i langdrag. Som idag.

Difor var gleda stor då naboen vår stoppa og lurte på om me ville vera med på ein sundagstur til Voss for å kjøpa is. No ikveld har det vore opningsshow i Ekstremsportveko på Voss, og då me var der oppe tidlegare idag var det førebuingar på alle kantar, og masse paraglider'ar i lufta over sentrum. Naboane har ei jente som er halvåret eldre enn vår minste rakett, og desse to jentene trur eg kjem til å verte som Tuppen & Lillemor når dei til hausten kjem i samme barnehage.


På den nye leikeplassen ved Tinghuset fekk både storesyster og vetlesyster utfalda seg, og som du ser av bileta var det kjekt!
I ettermiddag kom omsider det etterlengta besøket til storesyster, og eg trur dei to jentene hadde det kjekt ilag. Iallefall heilt til den nye veninna fekk litt for stor fart på sparkesykkelen og tryna skikkeleg i asfalten. Eg ser det enno for meg, og har frykteleg dårleg samvet for ikkje å ha passa betre på ho. Det vart nokre skrammer i ansiktet og på knea, men ikkje noko alvorleg heldigvis. Ikkje verre enn at storesyster er invitert til gjenvisitt hjå jenta imorgon etter barnehagetid. Så får me berre håpa at dei to jentene finn tonen vidare, slik at besøket vert vellukka. Som den hønemor eg er kjem eg nok til å gå litt på nåler...
Imorgon startar dessutan ei ny veke, og yr.no lovar sol, sol og litt meir sol. Eg trur det vert ei fin veke, og saman med storjenta mi har eg nedteljing til torsdag. Då skal me nemleg på tur! Meir om det kjem i eit anna innlegg.
God veke i vente!

1 kommentar:

Nikoline sa...

Ventesykja kjenner eg VELDIG godt til... eg kan ikkje fordra å venta på noko som helst!
Men når dei to trultene fekk ei så kjekk ventetid som dette gjer det ikkje så mykje vil eg tru.Eit "tuppen&lillemor" forhold skulle alle hatt,du skal sjå at det vert det for storasystra og den nye venninna hennar også.
Sommarfuglkaka er veldig enkel å laga; eg deler ein kakebotn på midten og legg dei mot ein annan og fyller den som vanleg bløtkake.På midten legg eg ei banan (med sitronsaft på så den ikkje vert brun) og stikk to bitar med saltstenger i til følehorn.Simsalabim...
Ha ein god dag:0)

Related Posts with Thumbnails