fredag 12. juni 2009

Kvinner i tiden

Idag har eg og mine kvinnelege kollegaer vore på inspirasjons-serminar i Bergen. Verdens beste sjef - altså min - fann i mai ut at dette sikkert var noko for oss damene på kontoret. Om det var fordi han syns me trong litt ny giv, eller fordi me fortente det skal vere usagt, men når han spurde om me ville så takka me sjølvsagt ikkje nei.

Å komma i Grieghallen idag, saman med 556 andre kvinner - og to menn(!) - var eit ganske sosialantropologisk interessant fenomen. Arrangøren har gjort dette mange gongar før, og veit nøyaktig kva damer likar (Eg vil vel tippe at i nemnda for denne typen arrangement sitt det mest kvinner?). Ved ankomst, etter at me fritt kunne ta med oss varm eller kald drikke, bollar og frukt, kom me inn i Peer Gynt-salen, der det stod ein stor "goodybag" på kvar einaste stol. Posen var fyllt med ting som damer flest likar; Motemagasin og interiørmagasin (berre så synd at eg får det i posten kvar månad!), hud- og hårpleie, hold-in-strømpebukse og ryvita knekkebrød. Alt ei moderne kvinne kan ynskje seg.....



Det var nesten ikkje mogleg å høyra kva sidemannen, eller i dette tilfellet; sidekvinna, sa fordi 557 damer tilsaman skravlar ganske høgt. Dei kom i alle aldrar, fasongar og typar. Det var dei 40-50 år gamle sjølvstendig næringsdrivande med "moden bevisst kvinne" skrive over heile seg. Det var dei (forholdsvis) unge fremadstormande kvinnene som ville få tips til korleis dei skulle gjere livet sitt endå meir perfekt, og det var mange heilt vanlege damer i heilt vanlege jobbar, som i større eller mindre grad ynskte å få litt påfyll i kvardangen som yrkeskvinne og mor, karrierejeger og oppofrande hustru, for ikkje å snakke om den perfekte husmor!


Og påfyll fekk me! I form av den sprudlande motivatøren Cecilie Andvig, som på eit blunk kunne forvandle seg til eit skjelvande samankrope alter ego for å illustrere kva haldningar kvinner ofte har til seg sjølve. Eller i form av Margareth Øvrum, som fortalde om sine prioriteringar i livet som konsernleiar for StatoilHydro og familiekvinne. Den setninga frå ho som verkeleg festa seg hjå meg var: "Velg din sjef med omhu, slik du velger mann med omhu!" Eg og mine kollegaer kunne sjå på kvarandre og smile til dette utsagnet, og slå fast at på dette feltet har me verkeleg vore gode! Øvrum bekjente dessutan at ho serverte grandis til middag, og at slike valg måtte ein kanskje gjere om ein ville ha ein krevjande jobb. Eg lurar på om det er greit å servere grandis av og til sjølv om ein ikkje er konsernsjef?
Heldigvis var det IKKJE grandis me fekk til lunch idag, men ein herleg tallerken fyllt med både fisk, reker, kylling og roastbiff. Og kvart einaste bord var pynta med ein vakker blomeoppsats i grønt og rosa. Den skulle eg gjerne ha teke med heim!!

Me fekk foredrag av 3 ulike damer som har kvar si sterke historie å fortelje. Ein basehoppar som fekk livet snudd på hovudet då ho knuste underkroppen i ei hard landing, men som no har lært seg å gå igjen. Ei 31 år gammal kvinne som nyt kvar einaste dag livet gjev ho, med uhelbredeleg kreft i kroppen, og til sist; Eit fyrverkeri av ei svensk dame: Mia Törnblom. Ho har prøvd livets harde sider, då ho havna opp som sprøytenarkoman. Etter mange år "på kjøret" med narkotika og kriminalitet var ho så heldig, som ho sjølv seier, å bli tatt av politiet. Etter dette klarte ho å verte rusfri, og ho innsåg at det ho mangla var sjølvkjensle. Ikkje sjølvtillit, men sjølvkjensle. Ein ganske viktig forskjell, innsåg eg og mange andre. Der sjølvtilliten går på kva du kan gjera og prestera, handlar sjølvkjensla om kva og kven du er. Me fekk innsyn i ein enkel teknikk ho sjølv brukar for å auke sjølvkjensla; Kvar kveld skal du skrive ned 3 positive ting om deg sjølv. Ikkje kva du har prestert, men kva eigenskapar ved deg sjølv som har kome til syne i det du har gjort. Det er ikkje så lett som det høyrest ut, men om ein vågar å prøve trur eg det har effekt. Iallefall var Mia Törnblom heilt overbevist om det!

Jau, du ser riktig - Trond Espen Seim stod òg på scena. Akurat kva han sa er eg ikkje heilt sikker på (uvisst av kva årsaker ;) ), men det handla noko om å ikkje overkjøre andre - å bruke kommunikasjon og innspel frå andre til å verte betre sjølv? Seim var kanskje den som passa minst inn i settinga idag, men det skadar jo aldri å ha noko vent å kvile augene på!? Når Jo Nesbø og Lars Jones så entra scena mot slutten av dagen var det som balsam for øyrene og sjela, og ei god motvekt mot dei fleire hundre skarpe damestemmene som ellers hadde runga i salen.


Ein god dag, som vart avslutta på indisk restaurant for meg og mine. Ikveld er eg åleine i heimen, og når eg no har fått publisert dagens inntrykk skal eg prøva å gjera ein innsats som husmor. Eg har nemleg lova nyvaska hus til mine kjære kjem heim imorgon, og eg vil jo gjerne vere ei god mor og husmor? Vert eg ikkje ferdig med alt eg har sett meg som mål skal eg ta fram notata frå dagens foredrag med Mia Törnholm og sei til meg sjølv: Eg er god nok likevel!


God fredagskveld!

9 kommentarer:

RagnaHelene sa...

So fint!!! Og eg blir jo litt kry når du skrive so fint om sjefen din!! =0)

Trollkåno sa...

Å, detta har visst vore litt av ein dag........heldig, du.....(sånn sjef vil eg òg ha..)
God sundag i morgon!

Anna Lisa sa...

Du har sikkert hatt ein flott dag ja. Koselig!!!
Og snill sjef du har :)
Er innom for å ønske ei riktig fin helg vidare. Takk for helsing
Klem

Rønnaug S. sa...

Så utulig flink du er til å sette ord på dagen. Det stemmer helt på en prikk. Trur jeg bruker det sdom referat, sånn for meg sjølv.

Og der har du en god egenskap, bare så du veit det :)

God helg i heimen.

MOLLY sa...

FANTASTISK BRA innmlegg fru RÅSA!!!
Der skulle jeg så veldig gjerne ha vært!!!! Her er masse linker som må sjekkes enda grundigere, og fant alllerede sitater jeg vil bruke;)

Tenker at Seim var der med akkurat dèt som mål...hihi;)
Ha en fabelaktig aften, og kos deg med det du har rukket, det gjør jeg;)

MOLLY sa...

Du store alpakka, her var jeg ivrig, for her er triple konsonanter og andre rusk og rask feil:)

Annika sa...

Det ser ut som ein fantastisk dag ja! Får håpe noko sant kurs dukkar opp her omkring også, for dette skulle eg gjerne ha vore med på.

Du har heilt rett, eg er veldig glad for den varierte jobben min, og heldig som får vere med på så mykje flott. Eg er ekstra stolt over ungdommane "mine" i dag, dei har arrangert Rånetreff som samla 2-300 ungdommar og Rådhusrock - gratiskonsert for alle, med 8 flotte band på scena!

Ynskjer deg ein god søndag! I dag er det konsert med Ole Børud med band:)

Jorunn Eide sa...

Tusen takk for fin beskrivelse av dagen! Jeg var med selv, og har prøvd å fortelle mine venninner om dagen, men merket jeg kom fort til kort. Nå sender jeg bare linken hit i stedet.

Jeg fant noen interessante artikler om basehopperen Karina Hollekim.

http://www.friflyt.no/index.php?pagenr=12&articlenr=53987

http://www.telegraph.co.uk/news/features/3634233/Karina-Hollekim-The-lady-who-can-fly.html

Lene sa...

Måtte bare innom for å dåne litt over bildene du hadde av selveste Varg'en... hehe. Du vet, jeg er litt fan.. :P

Så flott at dere fikk et sånt seminar, det er en bra invistering tror jeg. :)

Related Posts with Thumbnails