torsdag 11. juni 2009

H J E L P !!! We're under attack

For tre år sidan, omtrent på denne tida, oppdaga eg og Rosamannen maur-sverming på baksida av huset vårt. Me hadde hatt sukkermaur i tidlegare bustader, og hadde med oss noko frykteleg sterkt som tok knekken på alle dei "stakkarane" som vart utsett for det. "Flott!" tenkte me, og trudde me var kvitt problemet.

Ifjor sommar fekk me ein del maur på badet i juni, med enkelte streifdyr innom gamlekjøkkenet og stova. På det verste ringte me ein skadedyrmann som kom og tok ein kikk. Han og Rosamannen leita rundt etter ei eventuell tue, men fann ingenting. Mannen meinte med ganske stor sikkerheit at det var stokkmaur som hadde flytta inn ilag med oss, og me skulle prøva å fylgja med kvar dei kom frå. Etter den mest intense perioden forsvann maurane, utan at me hadde klart å finna vegen deira, og det som er ute av syne er som kjend ute av sinn....

I år starta maur-sesongen i februar/mars (trur eg - om eg kunne hugse så langt tilbake så hadde det vore lettare..). Eit par små kryp ein dag, medan det neste dag kunne vere fleire titals udyr rundt omkring. No i det siste har iallefall ikkje eg sett dei - kanskje fordi vèret har vore tåleleg bra? Men igår "small" det. Det aular med maur over heile badet. I skitne kle, reine kle, tak, veggar og golv - det er forferdeleg grusomt ekkelt!! Eg er nær ved å få panikk når eg stadig oppdagar små kryp som kravlar fram, utan at eg veit kvar dei kjem frå.

No har rosamannen ringt skadedyrmannen igjen, og måndag kl 15 kjem han for å ta ein kikk. Det er sjølvsagt akurat i den tida mine søte små skal hentast heim etter barnehagedagen, men me får håpa at puslespelet går opp denne gongen òg. Maur-invasjonen på badet må det iallefall gjerast noko med!

7 kommentarer:

bestemor sa...

Neei ikke det nå igjen:(

Trollkåno sa...

Uff, detta høyrest no aldeles fælt ut.......håpar skadedyrmannen har ei løysing på problemet.

Nikoline sa...

Fytti... ,det er såååå utriveleg!! Me har hatt invasjon av sukkermaur me også for nokre år sidan.Kvar vår tek eg runden rundt huset og vatnar langs murane,kjøper eit pulver hjå Fargerike som eg blandar i vatn.Etter at eg byrja med det,har me ikkje hatt ein maur i huset (bank i bordet)
Me har mykje skiferheller,og det må vera ein ynda plass for mauren under dei.. Men fyrst må de jo få dei vekk frå badet sjølvsagt.Håpar skadedyrmannen ordnar opp.
God helg:0)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Äsch då! Hoppas verkligen att ni får löst det. Säger som du - grusomt ekkelt att ha maur på badet!

Hoppas iaf att ni får en fin helg!

Jag kan også berätta att jag flyttat min blogg, hit:
http://fyrarumochkok.blogspot.com/

Välkommen dit. Och må gott!

Patina-H sa...

Uff, kor bale ! :(
Håpar at de finn ut av det og at de vert kvitt små krypa !

Ingrid sa...

Å fysja meg , det må vere utriveleg å få sånt i hus.håpar de får kvitta dokke med dei fort.
Vi hadde maur bak huset for noken år sia og då strødde vi noko kvitt pulver rundtomkring og då forsvann dei.

igi sa...

Uff, så ille! Maur er absolutt det værste jeg vet, får panikk hvis jeg ser EN inne... (i og med vi bor i "skogen" skjer det ganske ofte)
Jeg har ingen tips, bare medfølelse. Håper skadedyrbekjemperen klarer å fikse det! Håper der får en fin helg likevel!

Related Posts with Thumbnails